Ryssdal (Vassenden) krins
Ryssdal (Vassenden) krins i Gloppen kommune vart eigen krins i 1890. Då vart Eide krins delt i to, der Ryssdal og gardane rundt vart ny krins, medan resten av Eide krins gjekk inn i Sandane krins. Samstundes vart det bestemt at skulehuset på Eide skulle flyttast til Ryssdal. I 1893 vart det bestemt at det gamle skulehuset på Eide skule seljast for 400 kr og det skulle setjast opp eit nytt skulehus i Ryssdalen.
Skulehus
Ryssdal skule
- Byggeår: 1895
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde:
Skuledagen
I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen for Sandane:
Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [1]
Skulevegen
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Jens K. Arnestad | 1842 | Mardal, Ryssdal | (seinast 1865) | 1905 | Volda lærarskule | Tente som lærar i 44 år. |
M. A. Kjørvik | Mardal, Ryssdal | (1906?) | (1906?) | |||
Lasse Kristenson Solheim | 1879 | Mardal, Ryssdal | 1905 | Volda lærarskule 1901 | ||
Magnhild Hole | 1886 | Ryssdal, Osmundnes | 1916 | 1920 | Volda lærarskule 1916 | Seinare lærarinne i Osen krins i Gaular. |
Anna Rygg (Kleppenes) | 1897 | Ryssdal, Osmundnes, Sandane | 1920 | 1925 | Lærarinne på Sandane frå 1936. | |
Abraham Magnus Vereide | Ryssdal | (seinast 1925) | (tidl. 1926) | |||
Jon Henden | Ryssdal | (seinast 1933) | (tidl. 1934) | |||
Anna Lote Ommedal | Ryssdal | (seinast 1935) | (tidl. 1936) | |||
Ingeborg Austrheim | Ryssdal | (seinast 1945) | (tidl. 1949) | |||
Else Djuvstein | Mardal, Ryssdal | (seinast 1936) | (tidl. 1937) | |||
Ottar Kårstad | Ryssdal | (seinast 1938) | (tidl. 1939) | |||
Olav Arnestad | Ryssdal | (seinast 1944) | (tidl. 1945) | |||
Ingeborg Austrheim | Ryssdal | (seinast 1945) | (tidl. 1946) | |||
Asbjørn Tonning | Mardal, Ryssdal, Sandane | 1946 | 1959 | Vart lærar på Sandane skule frå 1959.[2] | ||
Magnhild Gjengedal | Ryssdal | (seinast 1953) | ||||
Magnhild Hole(?) | (seinast 1953) |
Foto
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Møtebøker for skulestyret i Gloppen kommune
- Skuleprotokoll for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1928
- Skuleprotokoll for Osmundnes krins og Ryssdal krins, 1916-1954
- Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1893-1909
- Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1947
- Dagbok for Osmundnes krins og Ryssdal krins, 1916-1954
- Dagbok for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1875-1892
- Dagsjournal for Søreide krins og Eide krins, 1863-1874
- Skuleprotokoll for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1881-1909
- Skuleprotokoll for Søreide krins og Eide krins, 1863-1880