Vereide krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vereide skule (I dag Austrheim barnehage og Nordstranda barnehage)
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Vereide krins i Gloppen kommune ligg på nordsida av Gloppefjorden. Krinsen var tidlegare kjend som Fastskulekrinsen og Ytre Nordstranda skuledistrikt.

Namnet "Fastskulekrinsen" kom av at Vereide fekk det første skulehuset i Gloppen kommune i 1844, og dermed gjekk bort frå den gamle omgangsskuleordninga. Vereide skule vart lagd ned i 2009, som ein del av eit innsparingstiltak i Gloppen kommune. Krinsen vart då slege saman med Austrheim krins. Den nye krinsen er i dag kjend som Nordstranda skule.

Skulehus

Føleide skule

  • Byggeår: 1844
  • Fungerte som skule: 1844-1864
  • Anna bruksområde: Huset hadde to høgder, kor dei borna som hadde lang veg kunne få nattlosji.[1]

Pålegget om å etablerte fastskule møtte motstand i bygda på 1830- og 40-talet. Sokneprest Jørgen Meier Heffermehl sende søknad på vegne av skulekommisjonen til regjeringa om å få unntak frå lova som påla oppretting av fastskule. Heffermehl sjølv var for innføring av fastskular, noko han også passa på å få med i søknaden til regjeringa - som avslo han og påla oppretting av fastskule.[2] [1]

Vereide skule (1864-1904)

  • Byggeår: 1864
  • Fungerte som skule: 1864-1904
  • Anna bruksområde:

Vereide skule (1904-2009)

  • Byggeår: 1904
  • Fungerte som skule: 1904-2009
  • Anna bruksområde: Sidan skulen vart slått saman med Austreim i 2009, har bygget fungert som barnehage.

Fornminne

Skulehuset ligg på Vereidesletta, kor vi også finn det største gravfeltet frå førhistorisk tid på Vestlandet. Då skulen skulle utvidast i 1990, oppdaga arkeologar at skulen var bygd inne på fornminneområdet.[3] Dei arkeologiske funna har tid tider gjort det vanskeleg å få utførd utbetringar av skulen og skuleplassen. Til dømes vart det problem då foreldre hausten 2000 bygde ein akebakke på dugnad. Jordhaugen dekka ei fornminnegrav, og Riksantikvaren kom på banen med krav om at bakken skulle fjernast.[4][5] Så seint som i 2008, eit år før krinsen vart lagt ned, var det lokalt ønske om å ruste opp uteområdet ved skulen. På grunn av plasseringa midt i fornminnefeltet, kunne ei utbetring medføre store kostnadar dersom det vart naudsynt med ei større arkeologisk utgraving i samband med ei utbetring.[6]

Lærarar

Stillinga som lærar i Vereide krins var lenge knytta til jobben som kyrkjesongar i Vereide kyrkje.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jon Jonsen (Østreim) Hyenes ("Skule-Jo") 1805 Ytre Nordstranden, Gimmestad, Fastskulen (Vereide) 1829 1850 Sjå Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl.
Jørgen Petter Meldal[7] Fastskulekrinsen (Vereide) 1850 1852 Truleg første læraren i Gloppen som kom "utanbygds".
Ole Josefson Hestenes 1822 Nesjane, Vereide 1838 (Nesjane), 1852 (Veriede) 1890 Prostprøve Ordførar i Gloppen i 1870-1883 og 1886-1893.
Johan Fredrik Hansson Skram 1861 Vereide 1891 1894 Volda lærarskule 1880, Stord lærerskole 1887 Hadde lærarstillingar i Selje, Jølster og Stord. Bror av lærar Hans Skram.
Hans Edvard Hansson Skram 1856 Sandane, Austrheim, Vereide 1891 (Sandane og Austrheim), 1894 (Vereide) Stord lærerskole 1882 Bror av lærar Johan Skram. Kyrkesongar.
Ola Kr. Arnestad 1877 Vereide 1917 (tidl. 1943) Stord lærerskole 1903
Eli (født Vereide) Glomnes 1884 Småskulen Vereide og Austreim krinsar 1916 Stord lærerskole 1904
Sverre Skrivervik Vereide (seinast 1943)
Bergit Aasebø Vereide og Austreim (seinast 1948)
Alfr. Apalset Vereide (seinast 1954)
Kristen Kaale Vereide (seinast 1965) (tidl. 1972)
Aslaug Lillejord Moen Vereide (seinast 1964)

Skuledagen

Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl

Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sokneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sokneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i Gimmestad nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen (Vereide krins).

Skule-Jo og mange av dei rundt han var haugianarar, og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd. I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.[8]

Til å fylle posten vart Jørgen Petter Meldal tilsett som lærar og kyrkjesongar. Stillinga vart lyst ut i i bergensavisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger[9], og Meldal kom dermed flyttande frå Luster for å ta stillinga. Bygdefolket, som hadde teke Skule-Jo si side i konflikta med Heffermehl, skal ha gitt han ei heller kald mottakelse. Han vart berre i Gloppen til 1852, då han reiste til Bergen.[1]

Avisutklipp: I Gloppens Præstegjeld ere Kirkesangerbestillingen og Lærerposten ved den faste Skole i Hovedsognet ledige. Kirkesangerens Indtægter antages at udgjøre omtrent 30 Spd. foruden Klokkergaarden, af gammel Skyld 1 B 12 Mk. Smør, og som Lærer ved den faste Skole nyder han for Tiden 12 Spd. Ansøgninger om Ansættelse i disse Bestillinger, hvortil ønskes en i Underviisningsvæsenet øvet Seminarist, stiles til Bergens Biskop, og indsendes inden 8 Uger fra Dato til undertegnede Sognepræst. Gloppen den 2den October 1850. Heffermehl.
Utlysinga av den ledige kyrkjesongar- og lærarposten etter Skule-Jo i Bergens Adressecontoirs Efterretninger den 9. oktober 1850. Teksten i utlysinga seier: "I Gloppens Præstegjeld ere Kirkesangerbestillingen og Lærerposten ved den faste Skole i Hovedsognet ledige. Kirkesangerens Indtægter antages at udgjøre omtrent 30 Spd. foruden Klokkergaarden, af gammel Skyld 1 Btt[Bismerpund] 12 Mk. Smør, og som Lærer ved den faste Skole nyder han for Tiden 12 Spd. Ansøgninger om Ansættelse i disse Bestillinger, hvortil ønskes en i Underviisningsvæsenet øvet Seminarist, stiles til Bergens Biskop, og indsendes inden 8 Uger fra Dato til undertegnede Sognepræst. Gloppen den 2den October 1850. Heffermehl."[10]

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Kulturhistorisk leksikon: Vereidesletta
  4. Firda 2004.12.28. 20041228. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Fjordingen 2011.12.19. 20111219. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Firda 2008.04.16. 20080416. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket. Side 79-169.
  8. Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  9. Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1850.10.09. 18501009. Digital versjonNettbiblioteket
  10. Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1850.10.09. 18501009. Digital versjonNettbiblioteket

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. no#. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
  • Avisa Firda
  • Avisa Fjordingen
  • Bergens Adressecontoirs Efterretninger
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skuleprotokoll for Vereide krins, 1964-1972
  • Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966
  • Dagbok for Vereide krins, 1906-1924
  • Dagbok for Vereide og Andenes krins, 1893-1905 (1927)
  • Dagsjournal for Vereide krins, 1863-1877
  • Ekstrakt-protokoll for Fastskulen (Vereide krins), 1948-1862
  • Skuleprotokoll for Vereide krins og Austrheim krins, 1941-1955, 1965-1970, 1976-1986
  • Skuleprotokoll for Vereide krins, 1863-1885
  • Skuleprotokoll for Vereide krins, 1886-1905
  • Skuleprotokoll for Vereide krins, 1906-1921
  • Skuleprotokoll for Vereide krins, 1964-1972

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.809301° N 6.153412° Ø