Røyrvik krins
Røyrvik krins var ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord. Krinsen var ein periode slått saman med Eimhjellen krins, men i 1928 vedtok skulestyret at dei to krinsane skulle delast opp att.[1] På 50- og 60-talet var det til tider få born i krinsen.[2] På 60-talet fekk skulen også elevar frå Solheim krins og Eimhjellen krins. Frå skuleåret 1968/69 var det ingen førsteklassingar frå Røyrvik, og det vart heldt skule for førsteklasse i Eimhjellen og på Solheim, mens andre- og tredjeklasse fekk undervisning på Røyrvik.[3]
Skulehus
I åra etter krinsen vart skipa på nytt i 1928, vart det jobba for å få bygd skulehus i Røyrvik. Krinsen hadde fram til då ikkje hatt skulehus.[4] Eit forslag var å flytte eit gamalt skulehus frå Straume krins, men skulestyret vedtok å heller selje huset.[5] I staden vedtok skulestyret same år å byggje skulehus i Røyrvik. Vilkåra var mellom anna at krinsen tok på seg dei vanlege ytingane; "fri tuft og leikepolass og 12,5% av byggjekostnaden", og at dei tok seg av transporten av byggjemateriale som måtte fraktast opp frå sjøen, samt kostnadane for transporten av støypesand på 400 kronar.[6] Skulehuset vart bygd i 1932. Rasmus Devik frå Rygg fekk anbodet på 6200 kronar.[7]
Lærarar
Krinsen har i regelen delt lærar med krinsane Eimhjellen og Solheim.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Jens Olson Henden | Heile Hyen (omgangsskule) | 1743 | ||||
Ola J. Sværen | Solheim, Eimhjellen og Røyrvik | 1882(?) | 1886 | Drog til Amerika og vart prest.[8] | ||
Knut Abs. son Røset | 1861 | Solheim, Eimhjellen og Røyrvik | 1886 | 1889 | Omkom i båtvelt på Hyefjorden.[9] | |
Ola M. Ommedal | 1862 | Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal | 1890 | 1923 | ||
Lars Arnestad | 1882 | Solheim, Eimhjellen, Røyrvik, Nesjane | 1903 | (tidl. 1914) | Lærar i Nesjane krins frå 1919.[10] | |
Jakob "Skule-Jakob" O. Ommedal | 1893 | Solheim, Eimhjellen, Røyrvik | 1917 | 1960-talet | Volda 1925 | |
Marta Eimhjellen | 1903 | Eimhjellen, Røyrvik | 1931 | (tidl. 1952) | Volda 1925 | |
Magnhild Gjengedal |
Fotnotar
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
- ↑ Firdaposten 1955.08.09. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1968.08.06. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Fjordabladet 1929.10.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 18.
- ↑ Firda Tidend 1931.01.23. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda Tidend 1931.05.05. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Stavanger Amtstidende og Adresseavis 1889.07.01. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fjordabladet
- Firdaposten
- Avisa Firda
- Stavanger Amtstidende
- Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
- Hovudbok for Lote krins, Røyrvik krins og Osmundnes krins, 1925-1970
- Dagbok for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1923
- Skuleprotokoll for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1968