Teita krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Teita krins i gamle Breim kommune. Frå 1860 høyrde gardane frå Høylo til Hjelle og Bergheim med i krinsen. Krinsen hadde då ein halv lærarpost som dei delte med Gåsemyr krins.

I 1913 var krinsregulering sak i Breim skulestyre. det vart bestemt at Sætre og Bjørnarheim krins skulle slåast saman og at nytt skulehus skulle byggast på Hole. Gåsemyr krins og Teita krins skulle slåast saman når Hole skule var ferdig. Det var utfordrande å finne ein god plassering av den nye skulen. I 1926 gjorde skulestyret vedtak om at det nye skulehuset skulle stå på Teita. Slik vart det ikkje og skulestyret gjorde nytt vedtak om at skulehuset skulle stå på Bergheim.

I 1927 vart Teita krins og Gåsemyr krins slegen saman til den nye Bergheim krins og flytta inn i nytt skulehus på Bergheim.

Skulehus

Teita skule

  • Byggeår: 1872
  • Fungerte som skule: 1872-1927
  • Anna bruksområde: Huset vart selt til ein brukar på Hole.

Skulehuset var ei røykstove med ljore i taket. Huset hadde klasserom, gang og eit lite kammers. Alt i 1900 vart det reist spørsmål om å bygge nytt skulehus i Teita krins. Saka vart avslegen fram til krinsreguleringa mellom Teita og Gåsemyr vart avgjort.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Kristianne Glomnes 1870 Sandal, Bjørnaheim, Gåsemyr, Reed, Høygardane, Hole, Årdal småskulen
Nils Bjørkelo 1877 Gåsemyr, Teita, Førde

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skuleprotokoll for Gåsemyr krins og Teiten krins (Eggedalen), 1863-1882

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.723051° N 6.507021° Ø