Førde krins (Breim)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå Fylkesatlas
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Førde krins høyrde til gamle Breim kommune fram til 1964, då vart grenda flytta til Jølster kommune. Førde krins ligg inst i Breimsvatnet. Krinsen finn vi tilbake til 1860 og delte ofte ein lærarpost med Årdal. I 1910 var det berre tre elevar på skulen og krinsen vart nedlagd, elevane måtte då reise på skule i Årdal krins (Breim). Først i 1924 vart skulen teken opp att, og då med berre fire elevar. I 1948 godkjende skuledirektøren 16 veker skule i Førde krins, men gjorde merksam på at skulen ikkje kunne halde fram om ikkje barnetalet auka. Skulen heldt fram til 1965, då vart den slegen saman med Skei krins i Jølster kommune.

Skulehus

Førde skule (Breim)

Før 1910 var det ikkje skulehus i krinsen, og mellom 1910 og 1924 var krinsen lagt ned og slått saman med Årdal krins i Breim. Frå 1924 og fram til 1930 leigde skulen klasserom på Kvia, vekselvis med Hans og Jakob Førde.

Det gamle huset frå Gåsemyr krins vart flytta til Førde krins og døypt om til Førde skule. Denne skulen vart først bygd i 1903, og fungerte som skule først i Gåsemyr krins frå 1903-1927, og seinare i Førde krins frå 1930 til 1965.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Rasmus Raad Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Anders Kristenson Mardal 1784 Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) Truleg 1801 Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841.
Krispinus Førde Høygardane skule, Årdal skule, Førde skule 1867 1879
Nils R. Hole Årdal skule, Førde skule 1879 1886
Erik A. Aasebø Høygardaneskule, Årdal skule, Førde skule 1886
Gudbrand Henden Årdal skule, Førde skule 1894
Nils Bjørkelo Gåsemyr skule, Teita skule, Førde skule 1899 1910
Kristi Myklebust Førde skule Hadde halv lærarpost i Førde og halv post som handarbeidslærar under krigen
Sigurd Egge Bergheim skule, Førde skule 1952 1956
Einar Bohstad Førde skule Siste læraren i Førde krins

Foto

Kjelder og litteratur

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Koordinater: 61.618797° N 6.448794° Ø