Skei krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skei skule i Jølster vart opna som barneskule i 1960, og utvida med nytt bygg for ungdomstrinnet i 1972.[1] Skulekrinsane Vika, Klakegg, Veiteberg og Heggheim vart alle lagd under Skei skule i 1960. Førde krins i Breim vart lagd ned i 1965, og krinsen slegen saman med Skei. I 1970 vart også elevane frå Sunde krins overflytta hit.

Skulehus

Skulen er i dag fordelt på tre bygg, og har mellom anna eige symjebasseng.[1]

Skuledagen

Skulevegen

Skulevegen vart brukt som argument mot å sende barna til Skei av fleire skulekrinsar. I Heggheim skulekrins hadde ein tidlegare røysta mot å slå krinsen saman med nabokrinsar då ein meinte skulevegen hvart for lang og krevjande. Då det vart bestemt at borna frå Heggheim skulle sendast til Skei, stilte krinsen krav om at borna skulle få skyss til og frå skulen, med ein god bil som har ein fast rute kvar dag. Det sistnemnte var viktig for å unngå at borna måtte vente i vegen for lenge. Det vart røysta over forslaget og fleirtalet var for samanslåinga – sju røysta for og ein var imot. I1970 hadde det blitt sendt eit forslag frå skulestyre i Jølster om elevane i Åmot krins skulle overførast til Skei. Forslaget blei røysta over og fleirtalet var imot. Det blei argumentert at vegen mellom Skei og Åmot var for dårlig. Eit eksempel var at strekningen mellom Åmot og Fonn hadde nylig vore stengd i 14 dagar. Året etter vart det likevel fleirtal for å sende elevane til Skei.

Nokre av elevane har hatt skuleveg langs Kjøsnesfjorden. Skuledagbøkene frå Skei viser at borna her vart hindra i å komme seg til skulen fleire gongar nesten kvar einaste vinter mellom 1960 og 1971 på grunn av snøras. Dei fleste snørasa verker å ha gått i januar og februar, men det er også tilfelle der ras om hausten har sperra skulevegen.

Lærarar

Foto

Fotnotar

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Dagbok for Skei skule 1960-1971 (i). Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Skei skule, 1960-1971 (ii). Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Skei skule 1970-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Sunde skule og Skei skule, 1943-1971. Digitalarkivet.no.
  • Leseplan for Skei skule 1962-1970
  • Hovudbok for Viken skule og Skei skule, 1948-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Veiteberg skule og Skei skule, 1923-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder