Sunde krins (Jølster)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunde krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undersvisning på Sunde høyrer ein først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sunde ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt.

Læraren på Sunde måtte også undervise i Sygnesand krins. Dette blei avslutta i 1916/1917, då Sygnesand blei avskilt frå Sunde og fekk sin eigen lærar.

Skulen var fram til 1960 todelt. I perioden 1880 - 1930 var det i gjennomsnitt 28 elevar kvart år. Det var ein gradvis nedgang i elevtalet utover 1900-talet, og i perioden 1930-1960 var det 19 elevar i gjennomsnitt kvart år.

Sunde krins blei nedlagt på slutten av 1970-talet, og borna vart overført til den nye sentralskulen på Skei. Årsaka til at krinsa ikkje blei nedlagt tidligare, var fordi dei venta på at brusambandet over Kjøsnesfjorden skulle bli ferdig.

Skulehus

Eit skulehus var trulig bygd på 1890-tallet.

Skuledagen

Elevar frå Dalen krins (Jølster) hadde sløyd og handarbeid saman med elevane frå Sunde på 1950-talet. Johan Lunde var sløydlærar og Eldbjørg Åland var handarbeidslærarinne i 1967.

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
O.J. Møkelbust Sunde 1836 1840?
Ole Christensen Sunde 1855 1858?
Daniel Olsen Sunde 1859 1860?
Anton Ellasson Fond 1866 Sunde og Sygnesand 1888 1893 Stord 1887
Elias Fossheim 1846 Sunde og Sygnesand 1894,1903 1897,1912 Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912
Andreas Øgaard 1872 Sunde og Sygnesand 1897 1902 Volden 1887
Johannes Andersson Klakegg 1887 Sunde og Sygnesand 1912 1916 Volda 1911
Kristine Klakegg 1897 Sunde 1919 1922 Volda 1919
Johannes Samuelsen Helgheim 1900 Sunde 1923 1960 Volda 1923
Leiv H. Dvergsdal Sunde Vikar 1956-57
Anna Denk Sunde Vikar 1960-61
Peter Dvergsdal Vikar?1961-62
Reidar Helgheim Vikar 1961-62
Egil Støfing(?) Vikar? 1962-63
Kjellaug Hatløy Sunde 1962 1964
Magne Dvergsdal Vikar frå 19. mai ut skuleåret 1964.
Karl Egeland Vikar? 1964-65
Anne-Brit Henriksen Sunde 1964 1965
Siv Sunde Lien Sunde 1965 1966
Ragner Grønli Vikar? 1965-66
Judith Sandvik Sunde 1966 1967
Aase Brekke 1967?
Inger Alvestad Sunde 1967 1968
Inger Kelvestad kst. lærar 1968
Jørund Flaten kst timelærar 1967-68
Marit Stubhaug kst. lærar 1968-69
Kirsten Lien timelærar 1968-69
Marit Stubhaug Sunde 1968 1969
Laila Sægrov Sunde 1969 1970
Almveig Sårheim 1970?
Sverre Myklebust Vikar 1971

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.542856° N 6.464921° Ø