Sygnesand krins
Søgnesand krins (også kalla Kjøsnesfjorden krins) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undervisning på Sygnesand høyrer ein først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule, og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sygnesand ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt. Krinsa omfatta borna frå gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe.
Læraren i krinsa måtte undervise i båe Sygnesand og Sunde. Dette blei endra i 1916/1917, då Sygnesand blei utskilt som eigen krins og fekk sin eigen lærar.
Mot slutten av 1930-tallet fekk krinsa eit nytt namn. I protokollane og møtebøkene står krinsa oppført som Kjøsnesfjorden. Fortsatt omfatta krinsa gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe. Krinsa blei på midten av 1950-tallet nedlagt, og borna blei overført til Vika skulekrins. Då den nye sentralskulen på Skei var opningsklar i 1960, blei elevane frå Kjøsnesfjorden overført til denne skulen. Dette var ein del av den omfattande sentraliseringsprosessen i Jølster kommune på 1950- og 1960-tallet.
Skulehus
På 1890-talet fekk dei fleste krinsane i Jølster skulehus, men på Sygnesand heldt ein fram med å bruke «leiede lokaler». Ifølge Jølster skulestyre var dette: «for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiver taaligt rum i forhold til barnetallet». Skulestyre meinte også at det ikkje var nødvendig å bygga eit skulehus, då talet på elevar berre var lågt.
Det var fyrst i 1947 at krinsa vart samde om at eit skulehus skulle byggast i Kjøsnesfjorden. Dei bad Jølster skulestyre om ikkje det gamle skulehuset i Sandal kunne flyttast til krinsa. Huset var truleg satt klart til bruk i 1948/1949, då det omtalast i skuledagboka for krinsen.[1]
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
O.J. Møkelbust | Sunde | 1836 | 1840? | |||
Ole Christensen | Sunde | 1855 | 1858? | |||
Daniel Olsen | Sunde | 1859 | 1860? | |||
Anton Eliasson Fond | 1866 | Sunde og Sygnesand | 1888 | 1893 | Stord 1887 | |
Elias Fossheim | 1846 | Sunde og Sygnesand | 1894,1903 | 1897,1912 | Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 | Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912 |
Andreas Øgaard | 1872 | Sunde og Sygnesand | 1897 | 1902 | Volden 1887 | |
Johannes Andersson Klakegg | 1887 | Sunde og Sygnesand | 1912 | 1916 | Volda 1911 | |
Maria Severine Huslid | 1899 | Sygnesand | 1920 | 1923 | Volda 1920 | |
Malmfrid Hole Lunde | 1901 | Sygnesand | 1923 | 1954? | Volda 1923 | |
Dagrun Fossheim | 1923 | Sygnesand | 1944 | 1945 | Vikar | |
Kristianne Fluge | 1902 | Sygnesand | 1947 | 1948 | Volda 1924 | Vikar |
Agnar Halse | Sygnesand | 1954 | 1955 | |||
Almveig Sårheim | Sygnesand | 1958 |
Foto
Fotnotar
- ↑ Dagbok for Kjøsesnesfjorden 1948-1955, 1957-1958
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Møtebok for tilsynsutvalet i Sygnesand/Kjøsnesfjorden skulekrins, 1917-1954. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Protokoll over undervisningspliktige born for Sunde skulekrins og Sygnesand skulekrins, 1902-1910. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Sunde skule og Sygnesand skule, 1897-1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Sygnesand skule og Kjøsnesfjorden skule, 1917-1958. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule og Sygnesand skule, 1880-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule og Sygnesand skule, 1903-1943. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Kjøsnesfjorden skule, 1948-1958. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Ekstraprotokoll (Gjesdal krins, Sandal krins og Myklebust krins), 1833-1860. Digital versjon på Digitalarkivet.no.