Heggheim krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Heggheim krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Krinsa dukkar fyrst opp i protokollane i 1865, men kan ha vore i drift på eit tidligare tidspunkt. Dette var ein to-delt skule, og hadde i perioden 1865 – 1888 i gjennomsnitt 14 elevar kvart år.

På slutten av 1800- og utover 1900-tallet var det regelmessige røystingar om Heggheim skulle slås saman med Klakegg- eller Veiteberg krins. Men krinsstyre og innbyggarane i Heggheim ville ikkje ha ein samanslåing. Det blei argumentert for at vegen var for dålig, mykje snø om vinteren førte til uframkommelege tilstander og at plasseringa av skulehuset i Veiteberg ville føre til at vegen blei for lang og krevjande for borna.

Men i 1950 var Heggheim meir open for ein samanslåing. Dei fekk det same året et forslag frå Jølster skulestyre om å slå seg saman med den nye sentralskulen på Skei. Krinsa stilte krav om at borna skulle få skyss til og frå skulen, med ein god bil som har ein fast rute kvar dag. Det sistnemnte var viktig for å unngå at borna måtte vente i vegen for lenge. Det vart røysta over forslaget og fleirtalet var for samanslåinga – sju røysta for og ein var imot.

Sidan skulen på Skei ikkje var ferdig før 1960, så blei borna i Heggheim sentraliserte til Klakegg skule i 1954. I 1960 blei borna overført til den nye skulen på Skei.

Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Skulehus

I Heggheim vart det bygt eit skulehus på slutten av 1800-tallet.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
S. Hegheim Heggheim 1886 1890
Martinus Dvergsdal 1863 Eikås, Fluge, Heggheim, Klagegg 1891 1916 Stord 1883 Lærar i Eikås og Fluge fram til 1896, så lærar i Heggheim og Klakegg.[1]
Ida Myklebust 1896 Heggheim 1917 1920 Volda 1917
Maria Huslid 1899 Heggheim 1920 1923 Volda 1920
Malmfrid Hole Lunde 1901 Heggheim 1923 1938? Volda 1923

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Karakterprotokoll for Heggheim 1921-1922


Koordinater: 61.608844° N 6.590806° Ø

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. SIde 34.