Klakegg krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Klakeg krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klakegg i Jølster. Kvitt lite skulehus med torv på taket. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong. Kjelde: Norsk Folkemuseum

Klakegg krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Det fyrste man høyrer om undervisning i Klakegg er frå 1749. Dette var i ein instruks tilsendt lærar Nils Sandnes frå sokneprest Rasmus Fischer. Der står det oppført at Sandnes skulle undervise borna i "Klakeg".

Skulen var to-delt frå 1865. Det var i perioden 1865-1888 gjennomsnittleg 19 elevar i skulen kvart år.

I 1947 blei ein ny krinsregulering drøfta. Forslaget var å samle skulekrinsane Heggheim, Klakegg og Vika til ein sentralskule på Skei. Transport til og frå skulen skulle ordnast. Krinsstyret i Klakegg ville ikkje gå med på forslaget. Dei meinte at det ville vere betre med eit nytt skulehus på Klakegg enn at elevane vart overført til Skei. Men etter fleire år med motstand mot ein samanslåing med Skei, blei det i 1960 fleirtall i krinsmøte for en ein nedlegging av Klakegg krins. Frå hausten 1960 blei borna på Klakegg sendt til sentralskulen på Skei, som hadde blitt opningsklar det same året.

Skulehus

Skulehuset i Klakegg er frå 1881, og kan ha vore den fyrste fastskulen som vart bygd i Jølster kommune.

Gjennom 1900-tallet forfalt huset kraftig. I møteboka frå 1940 står oppført at det var "uforsvarlig å ha det som det er no" og at foreldra ville "halde bornia heime frå skulen so lengje huset er som no". På grunnlag av desse argumenta, blei det sendt ein førespurnad til skulestyre i Jølster om Klakegg krins kunne få eit nytt skulehus. I årene etter 1940 var det diskusjon mellom skulestyre i Jølster og Klakegg krins om plasseringa til det nye skulehuset. Dei blei ikkje semje og skulehuset vart ikkje bygt. Skulestyret i Jølster blei etter kvart skeptisk til å bygga eit nytt skulehus på Klakegg. Dei meinte at krinsa burde underleggjast den nye sentralskulen på Skei, og at bygging av eit nytt skulehus var unødvendig. Det gamle skulehuset var difor i bruk heilt fram til 1960, då Klakegg krins vart nedlagt.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Martinus Dvergsdal 1863 Eikås, Fluge, Heggheim, Klagegg 1891 1916 Stord 1883 Lærar i Eikås og Fluge fram til 1896, så lærar i Heggheim og Klakegg.[1]
Johannes A. Klakegg 1887 Klakegg 1916 1960? Volda 1911

Foto

Klakeg, Jølster, Sogn og Fjordane. Kvitt lite skulehus med torv på taket. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum
Klakeg, Jølster, Sogn og Fjordane. Innreiing, benkar og bord. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum
Klakeg, Jølster, Sogn og Fjordane. Detalj av kvitt skulehus. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Museum, registrering av gamle skulehus i Hordaland og Sogn og Fjordane, initiert av Noregs Lærarlags skulehistorienemnd og utført av Johan Schiong, Bergen 1958-59.

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.609400° N 6.527817° Ø

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. SIde 34.