Sandal krins (Gloppen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sandal krins låg i gamle Breim kommune. Krinsen famna om den yste delen av Myklebustdalen med gardane Torheim, Sandal og Fossheim.
Ved århundreskiftet vart etter kvart elevtalet i Myklebustdalen så stort at Myklebust krins vart delt i to: Myklebust krins og Sandal krins. I 1967 var Sandal og Myklebust krinsar på ny slege saman til ein krins. Skulestaden var då Myklebust.
Skulehus
Sandal skule (1)
- Byggeår: 1867
- Fungerte som skule: 1890
- Anna bruksområde: Skulehuset vart flytta frå Myklebust skule (1) og sett opp i Sandal 1890. Huset vart seinare kjøpt opp av private og flytta innafør elva. Brukt som feriehus.
Sandal skule (2)
- Byggeår: 1928
- Fungerte som skule: 1928-1967
- Anna bruksområde:
Skuledagen
Først på 1900-talet var det 2 veker skule og to veker fri. Myklebust krins og Sandal krins, delte på læraren og hadde skule annankvar dag medan Dagfinn Sandal var lærar (1943-1970).
Skulevegen
Dagfinn Sandal (f.1901), var lærar i Myklebustdalen frå 1943-1970. Han pendla annankvar dag mellom skulane.
Lærarar
Namn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Kristianne Glomnes | 1870 | Sandal, Bjørnaheim, Gåsemyr, Reed, Høygardane, Hole, Årdal | småskulen | |||
Kristi Myklebust | småskulen | |||||
Rakel Støyva | småskulen | |||||
Arne Hunskaar | Bjørnarheim, Myklebust og Sandal | |||||
Ingolf Bogstad | 1919 | 1943 | ||||
Dagfinn Sandal | Myklebust, Sandal, Byrkjelo | 1943 | 1970 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.