Høygardane (Dale) krins
Høygardane (Dale) krins i gamle Breim kommune var eigen krins frå 1860. Krinsen famna om gardane Hunskår, Dale, Kåle, Almenning og Sageflåten, og husmannsplassane Ulva, Svartesvadet, Mattisplassen, Amundsplassen oh Haugen. I 1895 bytte elevane frå Sageflåten til Reed krins I 1922 var det 12 veker skuletid i krinsen og dei delte ein lærarpost med Nesstranda krins. Læraren hadde 2 veker skule i kvar krins. Dei siste åra skulen var i drift var det todelt skule med ein lærar i storskulen og ei lærarinne i småskulen. I 1949 vart Høygardane krins slegen saman med Reed krins.
Skulehus
Høygardane skule
- Byggeår: (1964) 1922
- Fungerte som skule: 1922-1949
- Anna bruksområde: Opphavleg bygd som skulehus for Hole krins og flytta til Dale i 1922.
Krinsen leigde rom på Dale fram til 1922. Då vart det bygd skulehus. Det var det gamle skulehuset på Sætre som vart flytta og sett opp att på Dale. Skulen hadde kjellar i full høgd. Rominndelinga i hovudetasjen var som ei tradisjonell røykestove med eit klasserom, gang og eit lite kammers. Lærarar som ikkje var frå krinsen budde på kammerset.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Namn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Lars Gåsemyr | Høygardane | 1853 | 1865 | |||
Gabriel Reed d.e. | Høygardane, Nesstranda | 1865 | 1882 | |||
Mons Rye | Høygardane, Nesstranda | 1882 | 1887 | |||
Erik A. Aasebø | Høygardane, Årdal | 1887 | 1891 | |||
Gabriel Reed | Høygardane | 1881 | 1897 | |||
Kristianne Glomnes | Høygardane | 1887 | 1902 | |||
Krispinus Førde | Høygardane, Årdal | 1897 | 1919 | |||
Ingolv Bogstad | Høygardane | 1919 | 1927 | |||
Rakel Støyva | Høygardane | 1927 | 1931 | |||
Ingebrigt Næss | Nesstranda, Kandal, Årdal, Førde, Høygardane | 1894 | 1937 | Arbeidde som lærar til han var 75 år. | ||
Arne Hunskaar | Høygardane, Kandal | 1937 | 1949 | |||
Kristi Myklebust | Høygardane | 1933 | 1942 | |||
Synnøve Myklebust | Høygardane, Kandal, Reed | 1942 | 1945 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.