Kandal krins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kandal krins i gamle Breim kommune vart eigen krins under krinsdelinga i 1890. Då vart Nesstranda krins delt mellom Kandal krins og Nesstranda krins. Nes og Ytre Kandal høyrte til Nesstrand krins. Mykland, Indre Kandal, Midtre Kandal og Skarstein høyrde til Kandal krins. I 1922 vart krinsane på ny slegne saman til Kandal krins.
1970 vart Kandal krins lagt ned og elevane sendt til Sandane krins.
Skulehus
Skarstein skule
- Byggeår: 1867
- Fungerte som skule: 1867-1925
- Anna bruksområde:
Etter krinsdelinga i 1890, låg Skarstein skule i utkanten av Kandal krins, og vart flytta til Indre Kandal.
Kandal skule
- Byggeår: 1925
- Fungerte som skule: 1925-1970
- Anna bruksområde: Bygget var ei tid nytta av Kandal barnehage. etter at barnehagen vart lagt ned har huset fungert som grendahus.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Ingebrigt Næss | Nesstranda, Kandal, Årdal, Førde, Høygardane | 1894 | 1937 | Arbeidde som lærar til han var 75 år. | ||
Arne Hunskaar | Høygardane, Kandal | 1937 | 1949 | |||
Synnøve Myklebust | Høygardane, Kandal, Reed | 1942 | 1945 | |||
Nils Hole | Kandal | 1948 | 1949 | |||
Rolf B. Daviknes | Kandal | 1949 | 1952 | |||
Olav Gloppestad | Kandal | 1951 | 1965 | Hadde også lærarpost i Kandalen 1969-1970 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.