Arne Tonning

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Olsson Tonning (fødd 9. mars 1834 i Stryn, død 26. juli 1892 i Kristiania) frå Stryn i Sogn og Fjordane var gardbrukar, ordførar og stortingsmann.

Ordførar i Stryn

Tonning gjekk underoffisersskulen og var furer fram til 1863. I 1860 overtok han Tonning og dreiv garden til han døydde. I Stryn var han den mest framståande politikaren i andre halvdel av 1800-talet, og han hadde ei rekkje verv og ombod i lokale tiltak. Mellom anna var han ordførar i heile 35 år (1864-1889), forlikskommissær frå 1872, sparebankkasserar frå 1878 og direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1880-88.

Stortingsrepresentant

Tonning vart vald til 2. vararepresentant for Nordre Bergenhus amt ved stortingsvalet i 1865. Ved valet i 1868 kom han inn på Stortinget der han sat til han døydde i 1892. Den særs sterke posisjonen hans i det politiske miljøet i Nordre Bergenhus amt kom til uttrykk ved at han vart vald til 1. representant for amtet i heile sju stortingsval og til andre representant i to.

Kring 1870 var Tonning med i Søren Jaabæks bondevenrørsle, og han var formann for lokalforeininga i Stryn. Likevel var han den einaste som vart samrøystes vald til stortinget under stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1870 då bondevenene tok fire av fem plassar. Det same gjentok seg under stortingsvalet i 1879 då Tonning òg vart samrøystes vald. Ved det fyrste partivalet (1882) fylgde Tonning Venstre, men den samlande posisjonen hans kom òg til uttrykk ved at både Venstre- og Høgre-representantane støtta Tonning under stortingsvalet i 1885. Etter partikløyvinga i 1888 følgde han dei andre leiande politikarane i Nordre Bergenhus over i Moderate Venstre som han representerte dei to siste stortingsvala han deltok i (1888 og 1891).

På Stortinget var Tonning heile tida medlem av militærkomiteen, som sekretær 1874-88 og formann 1889-90. Han var fast medlem av Lagtinget frå 1879, sekretær 1884-88 og president 1889-92. Elles var han medlem av valkomiteen 1877-92 og av fullmaktskomiteen 1889-92. Som lagtingsrepresentant var han medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet i 1883-84. I 1873 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Familie

Tonning var gift med Oline Rasmusdotter, dotter av sersjant Rasmus Johanson Muri og Johanne Johnsdotter Drageset. Dottera Margrethe vart gift med Peder Larsson Sunde.

Kjelder