Nordre Bergenhus Amts Dampskibe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) vart grunnlagd i 1858 av Nordre Bergenhus Amt (fylke). Det er no ein del av Fjord1 og driv i hovudsak med ferje-, passasjerbåt- og godsbåt-trafikk i Sogn og Fjordane.

Selskapet kjøpte i skipingsåret inn to dampskip, D/S Framnæs og D/S Fjalir, som vart sette inn i rutetrafikk i amtet. Det vart dei fyrste tiåra diskutert å privatisere selskapet, men det vart verande i offentleg eige. Aktiviteten og floten auka jamt, og i 1937 sette selskapet det siste nye dampskipet i drift, D/S Fanaraaken. Den fyrste bilferja, Lærdal kom i drift i 1939.

Utviklinga av Fylkesbaatane slik ein kjenner selskapet i dag starta på slutten av 1960-talet. Då bygde dei sine første snøggbåtar samstundes som det vart satsa sterkt på bygging av bilferjer. I 1971 opna selskapet den fyrste ruta med katamaran mellom Bergen, Sogn og Nordfjord. Berre på slutten av 1970-talet vart fem ferjer av det som den gong vart kalla 50-bilars-ferjer eller Møre-modellen sett i trafikk. I løpet av 1980- og 1990-talet vart flåten ytterlegare modernisert.

I samband med innføringa av nye fylkesnamn i 1919 endra selskapet namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og Sogn og Fjordane fylke var framleis eineeigar. I 2001 fusjonerte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar til det nye selskapet Nordvestlandske, frå 2002 under namnet Fjord1 Nordvestlandske. Hovudkontoret ligg i Florø.

Kjelder og litteratur