Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1870

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1870 var sterkt prega av mobiliseringa til Søren Jaabæks bondevener. Alle fem som representerte amtet etter 1870-valet var bønder, fire av dei framståande bondevener. Den fremste politiske leiaren i fylket og tingmann sidan 1851, Balestrand-presten Harald Ulrik Sverdrup, vart ikkje attvald til Stortinget denne perioden.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning 2. repr. førre periode
2. representant Gaardbr. K. L. Vefring 5. repr. førre periode
3. representant Gaardbr. S. M. Bugge
4. representant Gaardbr. T. G. Fretheim Repr. i tre periodar 1842-64
5. representant Gaardbr. E. M. Løken På Stortinget sidan 1853-valet
1. suppleant Lensmand L. Ellingsen
2. suppleant Lensmand A. M. Andresen
3. suppleant Gaardbr. O. M. Bakke
4. suppleant Kirkesanger K. R. Kirkhorn
5. suppleant Gaardbr. E. I. Offerdahl

Valet

Valtinget vart halde på tingstaden i Førde 3. september 1870 med 65 valmenn tilstades. Ved representantvalet fekk 18 personar røyster, i denne rekkjefølgja:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Arne Tonning 64 (samrøystes)
2. K. L. Vefring 60
3. S. M. Bugge 48
4. T. G. Fretheim 30
5. E. M. Løken 29
6. H. U. Sverdrup 20 3. repr. førre periode
7. O. M. Bakke 19 4. suppl. førre periode
8. L. Ellingsen 15 5. suppl. førre periode
9. A. M. Andresen 11
10. E. I. Offerdahl 5

Til valet som 1. suppleant fekk 8 personar røyster. Flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. L. Ellingsen 20 5. suppl. førre periode
2. O. M. Bakke 18 4. suppl. førre periode
3. A. M. Andresen 18

Til valet som 2.-5. suppleant fekk 20 personar røyster. Flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. A. M. Andresen 57
2. O. M. Bakke 49 4. suppl. førre periode
3. K. R. Kirkhorn 42
4. E. I. Offerdahl 27
5. S. R. Nydal 13
6. A. Ous 12
7. Senjum 10
8. J. J. Kolstad 9

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1871, 1872 og 1873. Løken møtte i 1871 og døydde 26. november same året, så Ellingsen møtte difor i 1872 og 1873.

Kjelder