Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1882

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1882 var det fyrste partivalet sjølv om partia formelt ikkje vart skipa før i 1884. Dei moderate kreftene i Venstre som dominerte også i 1879-valet, vann 1882-valet med klar margin.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning Stryn 1. repr. førre periode
2. representant Sogneprest Jakob Sverdrup Leikanger
3. representant Kirkesanger Edvard Liljedahl Kyrkjebø 5. repr. førre periode
4. representant Kirkesanger Knut Kirkhorn Hornindal 4. repr. førre periode
5. representant Overrettssakfører Otto Blehr Lærdal 1. suppl. førre periode
1. suppleant Amtsskolebest. Elias Melvær Kinn
2. suppleant Folkehøiskolebest. Henrik Mohn Dahl Sogndal
3. suppleant Gaardbr. J. J. Myklebust Breim
4. suppleant Gaardbr. J. K. Hæg Borgund
5. suppleant Skolelærer Olav Sande Leikanger

Valet

Valtinget vart halde i Førde tingstove 9. september 1882 med 67 valmenn tilstades. 49 tilhøyrde Venstre og 18 Høgre. Dei fem representantane vart valde med 48, 48, 45 og 43 røyster.

Høgre røysta på:

  • amtmann Oppen, 20 røyster
  • kyrkjesongar Anfinn Refsdal, 19 røyster
  • distriktslækjar H. Meyer, 18 røyster
  • gardbrukar C. Svanøe, 18 røyster
  • kyrkjesongar O. Hestenæs, 16 røyster

Desse fekk dessutan røyster:

  • Henrik Mohn Dahl, 5 røyster
  • gardbrukar S: Bugge, 2 røyster
  • lensmann Andresen, 1 røyst
  • gardbrukar J. K. Hæg, 1 røyst

1. suppleant vart vald med 40 røyster, Oppen fekk 20 og Dahl 4. 2. suppleant vart vald med 45 røyster, Oppen fekk 19. Dei tre siste suppleantane fekk 44, 44 (loddtrekning) og 38 røyster. Dessutan fekk Oppen 18 røyster, Meyer 17, Svanøe 17 og Anfinn Refsdal 6 røyster. Det vart i alt røysta på 16 personar ved dette valet.

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1883, 1884 og 1885. Jakob Sverdrup vart utnemnd til statsråd 26. juni 1884, så Elias Melvær møtte i 1885. Kirkhorn døydde 3. mars 1885, og Henrik Mohn Dahl møtte frå 10. mars 1885.

Kjelder