Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1879

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1879 stadfeste dei leiande posisjonane til ordførar Arne Tonning i Stryn og Jakob Sverdrup. Sverdrups allierte Edvard Liljedahl og syskenbarnet hans Livius Smitt kom òg inn i rikspolitikken gjennom dette valet, som i Nordre Bergenhus vart vunne av den moderate fløya i Venstre-alliansen.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning 1. repr. førre periode
2. representant Sogneprest Jakob Sverdrup
3. representant Overrettssakfører Livius Smitt 3. suppl. førre periode
4. representant Kirkesanger K. R. Kirkhorn 1. suppl. førre periode
5. representant Kirkesanger Edvard Liljedahl
1. suppleant Overretssakfører O. A. Blehr
2. suppleant Gaardbr. P. M. H. Bugge
3. suppleant Lensmand A. L. Ous
4. suppleant Gaardbr. K. Vefring 4. repr. førre periode
5. suppleant Lensmand A. M. Andresen 4. suppl. førre periode

Valet

Valtinget vart halde i rettslokalet i Vik 26. august 1879 med 64 valmenn tilstades. Med 40 røyster vedtok møtelyden å ha særskilt val på 1. suppleant slik det var gjort ved tidlegare val bortsett frå 1876-valet.

Ved representantvalet fekk desse 14 personane røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Arne Tonning 63 (samrøystes)
2. Jakob Sverdrup 56
3. Livius Smitt 35
4. K. Kirkhorn 35
5. Edvard Liljedahl 26
6. Blehr 24
7. Amtmand Oppen 20
8. Bugge 19
9. Vefring 13
10. Andresen 12
11. distriktslæge Meyer 9
12. Ous 3
13. Lensmand L. Ellingsen 3
14. Anfinn Refsdal 1

Til valet på 1. suppleant fekk 8 personar røyster, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. O. A. Blehr 23
2. Oppen 21
3. Bugge 7
4. Vefring 6
5. Andresen 5


Til suppleantvalet fekk 23 personar røyster, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. P. M. H. Bugge 39
2. A. L. Ous 34
3. K. Vefring 29
4. A. M. Andresen 23
5. Oppen 20
6. Meyer 20
7. Anfinn Refsdal 14
8. kommandersersjant Ramsli 14
9. gaardbr. Halvor Jensen 11
10. overretssakfører K. Blom 9
11. O. M. Bakke 7
12. L. Ellingsen 5

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1880, 1881 og 1882, og på det 7. ekstraordinære Stortinget i 1882.

Kjelder