Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1885

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1885 førte vidare dominansen til den moderate fløya i Venstre. Høgre røysta på tre av Venstre-representantane. Dette var det fyrste valet sidan 1840-åra at ingen frå Sverdrup-familien var kandidat i Nordre Bergenhus.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Merknad
1. representant Gaardbr. J. Myklebust Breim 3. suppl. førre periode
2. representant Gaardbr. Arne Tonning Stryn 1. repr. førre periode
3. representant Kirkesanger Edvard Liljedahl Kyrkjebø 3. repr. førre periode
4. representant Gaardbr. J. K. Hæg Borgund 4. suppl. førre periode
5. representant Overrettssakfører Otto Blehr Lærdal 5. repr. førre periode
1. suppleant Gaardbr. S. Aarnæs Stryn
2. suppleant Gaardbr. Anfinn Refsdal Vik
3. suppleant Gaardbr. M. Nordeide Askvoll
4. suppleant Gaardbr. O. L. Ese Balestrand
5. suppleant Amtsskolebest. Elias Melvær Florø

Valet

Valtinget vart halde i Sogndal 15. september 1885 med 67 valmenn tilstades. 57 tilhøyrde Venstre og 10 Høgre. Tre av Venstre-representantane fekk støtte frå Høgre slik at røystetala vart slik:

Nr Namn Røyster Merknad
1. J. Myklebust 63 Støtte frå Høgre
2. Arne Tonning 61 Støtte frå Høgre
3. Edvard Liljedahl 57
4. J. K. Hæg 56 Støtte frå Høgre
5. Otto Blehr 55
6. gardbrukar Dvergsdal 10 Høgre
7. Elias Melvær 10
8. Distriktslækjar Meyer 9 Høgre
9. Anfinn Refsdal 6
10. S. Aarnæs 5
11. P. Sunde 1
12. lensmann Steen 1
13. M. Nordeide 1

Ved valet på 1. suppleant fekk desse røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. S. Aarnes 24
2. Anfinn Refsdal 21
3. M. Nordeide 11

Ved valet på 2. suppleant fekk desse røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Anfinn Refsdal 24
2. M. Nordeide 15
3. Elias Melvær 12
4. Meyer 8

Ved valet på 3.-5. suppleant fekk i alt 17 personar røyster. Dei som fekk flest, var:

Nr Namn Røyster Merknad
1. M. Nordeide 45
2. O. L. Ese 32
3. Elias Melvær 27
4. R. Myklebust 23
5. Dvergsdal 10 Høgre
6. Meyer 10 Høgre
7. O. S. Nordeide 9
8. sokneprest Walnum 9
9. gardbrukar F. Aandahl 9
10. Olav Sande 7
11. P. Sunde 6

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1886, 1887 og 1888.

Kjelder