Lodalsulukkene 1905 og 1936

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesteinane ved Loen kyrkje.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).
Ramnefjellet.
Foto: Jarl V. Erichsen (2015).
Spora i Ramnefjellet etter det første raset.
Foto: John Bernhard Rekstad

Lodalsulukkene 1905 og 1936 var to rasulukker i Lodalen i Stryn. Til saman omkom 135 menneske, de fleste som følgje av flommen då steinmassane frå Ramnefjellet raste ut i Loenvatnet. Dei to rasa reknast som dei verste naturkatastrofane i Noreg i nyare tid.

1905

Raset den 15. januar 1905 kravde 61 menneskeliv. Det losna kring 500 meter oppe i fjellsida, og tok med seg ei lågareliggande ur. Det er rekna ut at kring 870 000 tonn masse rasa ut i vatnet. Ei flodbølgje som var kring 40 meter på det høgste sopte med seg alle husa i Ytre Nesdal og dei fleste i Bødal. 60 hus gjekk tapt totalt. Bygdefolket mista òg 94 kyr, 10 hestar, 145 sauer og 16 grisar. Turistbåten «Lodalen» vart kasta på land.

Berre ni av dei omkomne vart funne att og gravlagde. Ein minnestein vart satt opp på Nesodden. Den forsvann i raset i 1936.

Etter raset bygde dei som var att opp gardstuna att, noko lenger inn frå stranda. Geologane meinte at dette var trygt, for dei venta ikkje fleire ras frå fjellet.

1936

Ved femtida om morgonen 13. september 1936 kom det neste raset, og denne gongen var det 74 som omkom. Denne gongen var det eit enno større ras, på kring ein million kubikkmeter masse med ei vekt på opp mot 2,5 millionar tonn. Flodbølgja var kring 70 meter på det høgste, og fleire av gardane kring vatnet forsvann. Båten «Lodalen», som låg på land etter raset i 1905, vart kaste 150 meter lenger inn på Nesodden. Det faststøypte minnesmerket frå 1905 vart som nemnd òg tatt av flommen.

På Bødal døydde 44 menneske, på Fredsvoll mista dei 3 menneske, og i Indre Nesdal var det 23 som omkom. De var òg to ofre på Sanden og to på Osnes. Husa i Ytre Nesdal som var reist etter raset i 1905 var sett opp lenger inn frå stranda, og klarte seg denne fongen.

Det vart sett i gong eit stort redningsarbeid. Mange av dei skadde vart frakta til det nyopna Nordfjord sjukehusNordfjordeid. Sjøfly vart satt inn for å frakte dei. Det kom òg til mange nysgjerrige, noko som skapte problem for redningsmannskapa.

Skadane vart verdsett til kring ein halv million kroner, og det vart sett i gong innsamlingar over heile landet. Minnehøgtida i Loen kyrkje samla heile 4500 menneske, og bland dei var kronprins Olav. Seremonien vart overførd på radio over riksnettet. Det kom ei rørande helsing frå Tafjord, der Tafjordraset tok 40 liv i 1934. Dei sende ein krans med teksten «Atter kjem ei bylgja naar saari skulde gro. Sorg og taaror fylgja. Vi delar med dykk no. Vi kondolerar! Folket i Tafjord».

Etter rasa

Lodalen vart fråflytta etter raset i 1936. Først i seinare tid har nokre få busett seg der; i 2011 budde det to familiar i Bødal.

Det er sett opp ei koparplate ved turistvegen mellom Bødal og Kjenndal, med namna på dei som ikkje vart funne att. Ved Loen kyrkje står det to minnesteinar med namna på alle dei omkomne. På Nesodden vart det reist ein stor kross, nær staden kor det første minnesmerket stod.

Galleri

Litteratur