Oldedalen meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oldedalen meieri lå i Oldedalen i Nordfjord.

Notater om Oldedalen meieri:

  • Fra Meieribruket i Sogn og Fjordane 1874-1974:
    • "Oppe i Oldedalen skipa dei først Oldedalen Ysteri i 1911, som i 1913 gjekk over i det nye Oldedalen Meieri og Ysteri. Dette var i drift like til 1953. Langs Olden-vatnet hadde vi Sunde Ysteri og Yri Ysteri, og lenger oppe i dalen ei tid Melkevold Ysteri."
    • "Oldedalen Meieri som kom i gang i 1913, er eit typisk døme. Det var 17 kilometer ned til sjølve bygda med dampskipsekspedisjonen. Utan vegsamband langsmed vatnet var ein kai-tur med meieriprodukt eit arbeid som vinterstid sette krav til liv og helse. Meinis kunne i veker stenge all ferdsle over det 11 kilomter lange Oldenvatnet. Tung snø og mange store skreder gjorde ofte transporten langs strendene til det reine blodslitet. Mang ein gong sette bøndene livet på spel på utrygg is og under fonnfåre. Ofte vart det å take den 55 kg tunge smørdunken på ryggen, stampe seg gjennom snøen og over fennene ein 5—6 kilometer før ein kom fram på veg som var farande."
  • Fra "Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon" (1953):

"OLDEDALEN MEIERI OG YSTERI,Oldedalen i Nordfjord. Oldedalen Meieri og Ysteri vart skipa 14. mars 1913 av gardbrukarar i Oldedalen. Ysting av ekte geitost hadde alt da vore drive i fleire år av einskildmenn og grannelag, — men i 1913 gjekk ein såman og skipa meieri og bygde eige hus. I 1936 vart meieriet utvida og tilbygd nytt osteri og innskift nye maskinar, og fra same tid drive med motorkraft.

I 1951 vart meieriet på nytt modernisert og innmontert dampkjel. Verksemda umfata smørmeieri heile året og ysting av ekte geitost i tida april—november.

Den innmælte mjølkemengd var i 1913 42 000 l kumjølk og 16 000 l geitamjølk. I 1951 278 000 l kumjølk og 67 000 l geitamjølk.

Formann i meieriet no er Einar Aaberg."

  • I 1951 overtar flere meierier i Sogn og Fjordane fjøskontorllen i sitt distrikt. Dette gjelder bl.a. Oldedalen meieri, som oppføres med 20 medlemmer og 115 kyr i 1951.[1]
  • I 1958 er det strid mellom bl.a. Oldedalen meieri og Vestlandske salslag om å bygge et slaktehus i Olden.[2] I 1961 kommer saken for Bergen byrett.[3]

Se Oldedalen grendahus.

Jenny Jakobsdotter Reed (1887-1982), gift på Kvamme, var en tid meierske i Oldedalen (og på Åberg).

Referanser

  1. Firda Folkeblad 6/8/1951
  2. Firda folkeblad 10/11/1958
  3. Firda Folkeblad 9/2/1961
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!