Nils Olsen Reppen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotograf Nils O. Reppen (1856-1925).
Foto: Ukjend.
Reppen hadde atelier i det såkalla Tårnhuset i Sogndalsfjøra.
Foto: Nils O. Reppen.

Nils Olsen Reppen (født 1856 i Sogndal, død 1925) var fotograf.

Han blei født på garden Reppen i Sogndal. Gift første gong med Synneva Pedersdotter (1857-1931), og andre gong i 1906 med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Reppen emigrerte til USA for første gongen 13. juni 1882. Han jobba som fotograf i Browns Valley, Minnesota i 1880-åra. Eit udatert visittkortportrett med firmaadresse Morris, Minnesota er også kjend.

Reppen returnerte til Norge, uvisst når, for så å emigrere til USA att den 13. september 1895. I 1898 overtok Reppen det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra, og ved folketeljinga i 1900 er han registrert som fotograf busett i tårnhuset. Han er ført som fråskilt, med ei dotter i huset.

I 1965 brann tårnhuset ned til grunnen. Mesteparten av Reppen sine glasplatenegativ gikk tapt i brannen. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (fotoavdelinga) har 424 fotografi, i hovudsak glasplater, av N.O. Reppen. Samlinga består i hovudsak av fotografi med motiv frå Sogn og Fjordane, men inneheld også enkelte foto frå Trøndelag, Minnesota og Dakota. Fleirtalet av fotografia i samlinga er stereofotografi. Reppen var ein svært dyktig stereofotograf, og konstruerte motiv som gjorde maksimalt ut av djupdeopplevinga. Vik lokalhistoriske arkiv har også fotografi av Reppen.

Se også

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Nils Olsen Reppen på Digitalt museum.
  • Nils Olsen Reppen på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket
  • Ragnar H. Albertsen, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fotoavdelinga
  • Sogn og Fjordane 03.06.1988
  • Sogn Dagblad 10.03.1989
  • Biletbok frå Vik, 1995
  • Langleite, Arne B.: "Stereofotoglassplater", Fotografi, Nr. 1, 2017
  • Østevik, Elin: «Sogn i 3D - Nils O. Reppen sine stereofotografi», Kjelda, Nr. 1, 2014
  • Nils O. Reppen i folketeljinga 1900 for Sogndal herred frå Digitalarkivet

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Nils Olsen Reppen er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.