Catharine Cecilie Koch (1810–1869)
Catharine Cecilie Koch, kalla Trine Cecilie, fødd Holm (fødd 4. mars 1810 i Christiania, død 17. mai 1869 i Verdal) var prestekone.
Ho var datter av Anne Hoff og Søren Lodberg Holm.
28. desember 1835 vart ho gift med Truls Krogh Koch. Han var presteson frå Nordland og hadde tidlegare dette året blitt residerande kapellan i Leikanger. Leikanger prestegard vart slik den første staden Trine Cecile var prestekone. Medan dei var i Leikanger fekk ho to barn. Den førstefødde var Bianca i 1836, ho døydde som spebarn. Sonen Søren Wilhelm August, f.1837, vart prest liksom faren.
I 1839 vart Truls sokneprest i Hamarøy, og familien flytta til Hamarøy prestegard. Det vart heimen deira dei neste 17 åra, før dei i 1856 flytta til Verdal. Dei fekk åtte barn til. Av dei ti barna var det berre fem som ikkje foreldra måtte fylgje til grava.
Trine Cecilie døydde 59 år gamal i 1869.
Kjelder
- Rabben, Elin Grubba. Etterkommere av Melchior Pedersen Koch (1722-1785) og Johanne Maria Kolderup Testmann (1721-1784). Utg. Slekters gang. Gimse. 2002. Digital versjon på Nettbiblioteket. s.56ff
- Catharine Cecile Holm i Historisk befolkningsregister
| Artikkelen Catharine Cecilie Koch (1810–1869) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |