Sande kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sande kommune
1514 Sande More og Romsdal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1514
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Larsnes
Areal 93.2  km²
Areal land 90.17  km²
Areal vann 3.03  km²
Folketall 2 442 (2023)
Grunnlagt 1867
Sammenslåing(er) 1964: Skredestranda (Rovde) og del av Herøy innlemma
Fradeling(er) 2002: Åram overførd til Vanylven
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Sande kommune ligg på søre Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke og grensar til Herøy i nord og aust, Vanylven i sør og Stad i sørvest. Kommunen vart oppretta i 1867 då Herøy vart delt. Rovde vart utskild som eigen kommune i 1905, men i 1964 vart ein del av kommunen attendeført til Sande. Resten av Rovde vart samanslegen med Vanylven. Administrasjonssenteret i Sande kommune er Larsnes.

I landbruket finn ein små bruk, ofte drive i kombinasjon med anna næring. Verkstadindustrien står sterkt i kommunen. Ein finn òg næringsmiddelindustri og andre industriverksemder.

Administrasjonshistorie

Kommunereforma 2014–2018

Torsdagen den 8. desember 2016 skreiv ordførarane i Sande og Herøy kommunar under intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane. Namnet låg an til å verte det nyskapte Havøy kommune, og Fosnavåg var det planlagte kommunesenteret.[1] I folkeavstemninga 27. februar 2017 vart det nei til Havøy kommune i både Sande og Herøy. I Sande deltok 40 prosent av dei røysteføre, og av desse var det 59 % som stemte nei.[2]

Fotnotar

  1. «Herøy og Sande blir «Havøy»» på Smp.no, publ. 08.12.2016
  2. Kommunal rapport: «Nei til Havøy kommune» (publisert 7. april 2017).

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!