Skulehistorie i Leikanger
Skulehistorie i Leikanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Leikanger kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Tidleg skulehistorie
Allereie i 1741 blei det halden møte i Leikanger for å få framgang når det gjaldt skulesaken. Til prestegarden på Leikanger kom futen frå Balestrand og prosten frå Vik, soknepresten, kapellanen, lensmannen og nokre lokale såkalla "Dannemænd". Det var krav gjennom kongelig forordning at skulen no måtte organiseras, også i Leikanger prestegjeld. Frå kun å ha organisert katekismeundervisning på sundagar i kyrkja skulle no prestegjeldet bestå av ulike skulekrinsar (roder som det blei kalla i starten), og skuletiden skulle bestemmes. Ikkje minst skulle det også bli avgjeres kva borna skulle lære på skulen, og korleis dei kunne skaffe nok pengar til føremålet.
Fram til 1992 var Fresvik og Feios ein del av Leikanger kommune.
Eitorn er i dag ein del av Leikanger kommune, men høyrde til Balestrand kommune fram til 1965.
Skulekrinsar
Feios, i dag Vik
Fresvik, i dag Vik
Frønningen, i dag Lærdal
Oversikt over skulekrinsar
1891 | 1892 | 1900 | 1907 | 1916 | 1941 | 1963 |
---|---|---|---|---|---|---|
Hauglum/Holum | Hauglum/Holum | Hauglum/Holum | Hauglum/Holum | Hauglum/Holum | Hauglum/Holum | Hauglum/Holum |
Halland | Halland | Nybø | Nybø | Nybø | Nybø | Nybø |
Njøs | Njøs | |||||
Fedje | Fedje | Fedje | Fedje | Fedje | Fedje | Fedje |
Helleland | Helleland | Helleland | Helleland | Helleland | Helleland | |
Bjørnetun | Bøtun | Bøtun | Bøtun | Fresvik | Fresvik | Fresvik |
Fresvikdalen | Simlenes | |||||
Frønningen | Frønningen | Frønningen | Frønningen | Frønningen | Frønningen | Frønningen |
Eitorn (Balestrand kommune) | Eitorn (Balestrand kommune) | Eitorn (Balestrand kommune) | Eitorn (Balestrand kommune) | Eitorn (Balestrand kommune) | Eitorn (Balestrand kommune) |
Skuleveg
Lærarar
Etternamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Edvard Liljedahl | 1803 | Leikanger faste skule (Holum) | 1829 | etter 1840 | Liljedal kom frå Vik og var klokkar i Leikanger-kyrkja og lærar på Holum faste skule halden på klokkargarden. | |
Knud Chr. Hamre | 1828 | Rinde omgangsskule (Fedje, Dale og Berdal) | ca. 1852 | ca. 1858 | Han kom frå Leikanger, var husmann med jord og kyrkjesongar på Fedje. | |
Lars J. Haaheim | Etter 1873 | Frønningen (Fresvik, 1867) | ca. 1866 | Han underviste i Frønningen 1866-1873, sett bort frå 1869 då Syse tok over. | ||
Hans Flesche | 1844 | Halland | 1868 | Stord seminar | Han var og kyrkjesongar. | |
Peder O. Syse | Frønningen | 1869 | ||||
Johan Thorkeldsen | 1843 | Bjørnetun, Fresvik og Frønningen | 1865 | 1906 | Balestrands lærerskole | |
Olav Sande | 1850 | Holum og Nybø | 1872 | 1927 | Stord seminar | |
Jakob Bøthun | 1851 | Frønningen, Fresvikdalen (omgangsskule) og Fresvik | 1873 | 1923 | Balestrands lærerskole | |
Nils Tjønn | 1860 | Fedje i Feios (gamleskulen) | 1882- | Stord seminar | ||
Aamund Skeide | 1857 | Holum | 1879 | Stord seminar | ||
Kristiane Fimland | 1869 | 1892 | 1899 | Rennebu private lærerindeskole | På opsigelse | |
Jacob Lothe | 1881 | 1901 | 1902 | Volda | ||
Maria Njøs | 1877 | 1900 | Rennebu private lærerindeskole | Overtok lærarposten for året 1900 då frøken Fimland flytta til Naustdal i 1899. | ||
Olav Tveit | 1885 | Nybø | ca. 1907 | Etter 1917 | ||
Endre Lidal | 1892 | Holum | 1917 | |||
Per H. Bøthun | 1898 | Leikanger framhaldskule og Fresvik | 1918-1962 | 1906 | Volda lærerskole |
Skular og elevtal
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Femårsmeldingar frå Leikanger:
- Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896
- Melding um Folkeskulen i Leikanger, Sogn. 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
- Aas, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, årgang 2, s. 5.
- Njøs, Odd (2002) . Litt om gamle skulehus på Systrond. Systrendingen, nr. 1, årgang 11, s. 5.
Digitale kjelder
- Hermund Kleppa (2007) Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905. Kulturhistorisk leksikon.
- Allkunne: Skular i Leikanger. Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane
- Ola A. Vestrheim, Eitorn skule
- Kan det ikkje byggjast på det rette vi gjorde og lærast av det vrange? Attersyn på ein lang arbeidsdag i Stortinget. Samtale med Jakob Lothe.. NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 19690413. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Leikanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |