Skulehistorie i Lærdal
Skulehistorie i Lærdal skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Lærdal kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
I 1741 vart det halde møte med representantar frå bygdefolket rundt om i amta i Lærdal for å setja i verk vedtak frå 1740 om ny skuleordning. På dette tidspunktet kom forslag om tre skulekrinsar i kvart sokn:
- Tønjum sokn: Ein krins på Mo-sida ned til Voll, ein krins frå Voll til og med Eri og ein frå nedre Ljøsno til Børkjo.
- Hauge sokn: Ein krins frå Færestad til Stødno, ein på Lærdalsøyri og ein krins for Strendene, Erdal og Vindedal.
- Borgund sokn: Ein krins frå Maristova til Hegg, ein frå Hegg til Kjørkjevoll og ein frå Kjørkjevoll til Nedre Kvame.
Skulekrinsar
Lærdalsøyri krins
Ljøsne krins
Tønjum krins
Hauge krins (Lærdal)
Rikheim krins
Husum krins
Hegg krins
Berge krins (Lærdal)
Erdal krins (Lærdal)
Strendene krins (Lærdal)
Vindedal krins
Oversikt over skulekrinsar
1879 | 1896 |
---|---|
Lærdalsøyri | |
Ljøsne | |
Tønjum | |
Hauge | |
Rikheim | |
Husum | |
Horge | |
Hegg |
Skuleveg
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|
Skular og elevtal
Den fyrste fastskulen i Lærdal opna på Lærdalsøyri i 1838. I 1866 var dei fyrste skulehusa i resten av Lærdal klar til bruk: Eitt på Ljøsne og eitt på Tønjum. I 1868 og i 1869 sto skulehusa på Hauge og på Rikheim ferdige. Husum krins fekk eige bygg i 1872, Horge i 1876 og Hegg i 1879. For dei fleste krinsane fungerte desse bygga som skulehus fram i omlag 100 år fram til krinsane vart avskaffa.
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espe, Alfred Skulesoge for Lærdal og Borgund (Tilgjengelig på Nasjonalbiblioteket)
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Lærdal er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |