Magnus Takle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.

Takle var som broren engasjert i målarbeid alt frå tida på lærarskulen der han var formann i elevmållaget 1903-04. I Jostedalen var han med på å føra inn nynorsk i skulen, og han var fyrste formann i Jostedal mållag då det vart skipa i november 1906. (Sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen.) Seinare finn me han som formann i Årdal mållag. I Rogaland var Takle formann i Hetland mållag og sentral i skipinga av Rogaland mållag (formann 1919-24 og frå 1929).

Han var elles mykje engasjert i ungdoms- og fråhaldsarbeid og lokalpolitisk arbeid. Han var formann i Hetland lærarlag, skrivar i Rogaland venstrelag (1920-26), lærarrepresentant i Frue skulestyre 1918-24 og formann i Randaberg-Tasta bilselskap. Han var òg ei leiande kraft i etableringa av landsgymnaset på Bryne der han sat i styret i seks år, av dei tre år som formann etter skuleskipinga.

I okkupasjonsåra sette Magnus Takle seg imot nazifiseringa av skulen, og 15. april 1942 vart han arrestert i lag med eit stort tal rogalandslærarar. Etter ei tid på Grini vart han om hausten sendt nordover til fangeleiren Veiskaret i Troms der tvangsarbeidet gjekk ut på å byggja vegoverbygg på E6. I november 1942 vart han sendt sørover til Grini att før dei attverande lærarfangane brått vart sleppte fri 12. desember. Magnus og Metta fekk ni born mellom 1907 og 1926.

På sine eldre dagar flytte Magnus og Metta til Vestfold der dei er gravlagde i Re.[1]

Notar

  1. Gravminner i Norge (DIS Norge)

Kjelder og litteratur

  • Magnus Takle i folketelling 1900 for Sogndal herred fra Digitalarkivet.
  • Magnus Takle i folketelling 1910 for Årdal herred fra Digitalarkivet.
  • Bø, Inge. Magnus Takle (1883-1971). (Tasta historielag).
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk Stavanger: Dreyer, s. 1221
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)
  • Hausberg, Sverre (red.). (1927). Minneskrift utgjeve i tilføre av 50 års-høgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. Stord.
  • Tjeltveit, Njål. (1995). Så lang ein strid. Rogaland mållag gjennom 75 år. Forsand: Laget.

Eksterne lenkjer