Hans Hansson Urdahl (1832-1913)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans H. Urdahl.

Hans Hansson Urdahl (fødd 10. februar 1832, død 3. desember 1913) var gardbrukar i Luster i Sogn og Fjordane.

Urdahl var eldste son av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1809-1873) og Britha Jørgensdotter (ca 1803-1896) og voks opp på Søvde i Luster. Han gifte seg 29. juni 1865 med Elen Kirstine (Kirstina) Larsdotter (1846-1905) frå Lavoll. Hans Urdahl fekk skøyte på heimebruket på Søvde frå foreldra sine 3. juni 1868, og i 1880 kjøpte han òg bruket Kleivi (bnr. 4) under Søvde på auksjon. Hans og Kirstina dreiv dei to bruka til sønene Hans og Lars fekk ta over kvart sitt bruk i 1911.

Til liks med far sin var Hans Urdahl ordførar i Luster, fyrst ein kort periode 1876-1877 og så 1882-1893.

Hans og Kirstina fekk seks born:

  • Brita Hansdotter Urdahl (1868-1954), hushaldar
  • Hans Hansson Urdahl (1871-1934), som tok over heimebruket
  • Marta Hansdotter Urdahl (1873-1934), gift med gardbrukar Tøger Christophersen Aasen i Åsen
  • Lars Hansson Urdahl (1876-1951), som tok over det andre bruket etter foreldra (Kleivi)
  • Metta Sophie Hansdotter Urdahl (1883-1966), lærar, gift med Magnus Takle

Kjelder og litteratur

  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 17.

Eksterne lenkjer