Lavik kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lavik kommune i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838 ut frå Lavik prestegjeld, og svara då i store trekk til heile den noverande (2015) Høyanger kommune.
I 1858 vart Klævold kommune (frå 1891 kalla Kyrkjebø) utskild. I 1861 vart så Lavik slått saman med Brekke kommune til Lavik og Brekke kommune. I 1905 vart så denne kommunen delt i Lavik og Brekke.
I 1964 vart så Lavik slått saman med Kyrkjebø og delar av Vik kommune til den nye kommunen Høyanger. Lavik hadde då eit areal på 220 km²
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
- Lavik i Store norske leksikon.