Andreas Larsson Aanderaa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Larsson Aanderaa
Foto: Norske skolefolk (1952)

Andreas Larsson Aanderaa (født 28. juni 1900 i Bremnes, død 1986) var lærar og heimefrontsmann.

Han var son av bonde og fiskar L. L. Steinsbø og Helga Johanna f. Hollund. Andreas Larsson Aanderaa tok eksamen ved Stord lærarskule i 1923.

Aanderaa vart i 1923 tilsett som lærar i Baugstø skulekrins i Skånevik. Seinare var han tilsett ved Høylandsbygd skule. Han tok òg over garden Årvik i Kvinnherad kommune, farsgarden til kona, men dreiv han ikkje sjølv. Andreas Larsson Aanderaa vart i 1926 gift med Ragnhild Margrethe Butler Aarvik, dotter av Olav Butler J. Aarvik og Gudrun f. Bondhus. Dei fekk fire søner.

Under andre verdenskrig var han aktiv i Heimefronten, og vart arrestert av tyskarane. I 1949 ga han ut ei bok, Dei som var med, om motstandsarbeidet i indre Sunnhordland

Kilder og litteratur