Skulehistorie i Flora
Skulehistorie i Flora skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Flora kommune si skulehistorie.
Kinn kommune var ein stor kommune då den vart oppretta i 1837. Den favna om sokna Bru, Kinn og Bremanger. Den store kommunen vart delt ved fleire høve, før den i 1964 på ny vart samla i ein storkommune, Flora kommune. Forutan Bremanger kommune som framleis er eigen kommune.
- I 1860 vart Florø skild ut som ladestad.
- I 1866 vart Bremanger skilt ut som eigen kommune.
- I 1922 vart Kinn kommune delt i tre. Kinn kommune, Bru kommune og Eikefjord kommune.
- I 1964 vart kommunane Florø, Kinn, Bru og Eikefjord slege saman til Flora kommune.
Den første skulelova i det som då var Kinn prestegjeld kom i 1743. Sokneprest Sigvard Brarup leia arbeidet med denne første skulefundasen, og det vart slått fast at kvart sokn, Bremanger, Kinn og Svanøy, skulle ha ein lærar. Foreldra var ofte meir opptekne av at borna skulle jobbe på gardane enn at dei skulle få utdanning, så skuletida vart lagt til perioden etter innhaustinga på hausten (Mikkelsmesse 29. september) og fram til 3. april.
I 1835 vart det i Kinn prestegjeld rapportert at berre 10% av borna kunne skrive og 1% kunne rekne. Det vart sett inn tiltak for å sikre betre framgang, og fem år seinare var resultata på veg opp.
Oversikt over skulekrinsar
Kinn
- Årebrot krins
- Nærøyane krins
- Barekstad krins
- Batalden krins
- Skorpa krins
- Kinn krins
- Reksta krins
- Rognaldsvåg krins
- Askrova krins
- Furusund krins
- Havrenes krins
- Haukå krins
- Krokane krins
- Brandsøy krins
- Terdal krins
- Andal krins
- Bjørnset krins
- Nyttingnes krins
1861 | 1869 | 1875 | 1884 | 1886 | 1891 | 1895 | 1896 | 1897 | 1901 | 1917 | 1921 | 1934 | 1937 | 1941 | 1968 | 1972 | 1976 | 1982 | 1998 | 2006 | 2008 | 2010 | 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Florø | Florø | Florø | Florø | ||||||||||||||||||||
? | Hovden | ||||||||||||||||||||||
? | Domben | Barekstad | |||||||||||||||||||||
? | Barekstad | ||||||||||||||||||||||
? | Askrova | Valvik | Askrova | ||||||||||||||||||||
Sunde | |||||||||||||||||||||||
? | Reksta | Reksta | Reksta | Rognaldsvåg | Rognaldsvåg | ||||||||||||||||||
Reksta | |||||||||||||||||||||||
? | Kinn | Kinn | |||||||||||||||||||||
? | Skorpa | Skorpa | |||||||||||||||||||||
? | Skorpeide | ||||||||||||||||||||||
? | Krokane | ||||||||||||||||||||||
Torvmyrane | Torvmyrane | ||||||||||||||||||||||
? | Batalden | ||||||||||||||||||||||
? | Solheim | ||||||||||||||||||||||
? | Terdal | ||||||||||||||||||||||
? | Havrenes | ||||||||||||||||||||||
? | Brandsøy | Brandsøy | Brandsøy | Brandsøy | |||||||||||||||||||
Grønenga | |||||||||||||||||||||||
? | Bjørnset | Bjørnset | |||||||||||||||||||||
? | Nyttingnes | Nyttingnes | ? | ||||||||||||||||||||
Sandvik | |||||||||||||||||||||||
? | Grov | ? | Grov | ? | |||||||||||||||||||
? | Furusund | ||||||||||||||||||||||
? | Årebrot | Årebrot | |||||||||||||||||||||
Nærøyane | ? | ||||||||||||||||||||||
? | Haukå |
Florø Ladested
1861 | 1964 |
---|---|
Florø folkeskule | Florø folkeskule |
Bru
- Svanøy krins
- Vågane krins
- Stavang krins
- Standal krins
- Høydal krins (Bru)
- Svardal krins (Bru)
- Grov krins (Bru)
- Sandvik krins
- Stavøy krins
- Steinhovden krins
- Norddal krins
- Midtbø (Solheim) krins
- Sunndal krins
1875 | 1885 | 1891 | 1895 | 1901 | 1916 | 1927 | 1934 | 1957 | 1960 | 1962 | 1963 | 1969 | 1983 | 2024 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
? | Vågane | ? | |||||||||||||
? | Andal | ? | |||||||||||||
? | Stavøy | ? | |||||||||||||
? | Nordal | Solheim | ? | ||||||||||||
? | Sunndal | Solheim | |||||||||||||
? | Midtbø | Solheim | |||||||||||||
? | Øvre Standal | Standal | |||||||||||||
? | Nedre Standal | ||||||||||||||
? | Stavang | ? | |||||||||||||
? | Vardal | ||||||||||||||
? | Svanøy | ||||||||||||||
? | Høyvik | Steinhovden | -> Eikefjord | ||||||||||||
? | Hopen | ||||||||||||||
? | Høydal | Store Høydal | |||||||||||||
Lille Høydal | -> Eikefjord | ||||||||||||||
? | Svardal | ->Eikefjord |
Eikefjord
- Eikefjord krins
- Tonheim krins
- Barlindbotn krins
- Sunnarvik krins
- Løkkebø krins
- Langedal krins
- Svarthumle krins
1861 | 1875 | 1885 | 1895 | 1901 | 1960 | 1962 | 1983 | 2024 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Steinhovden (Bru) | Eikefjord | |||||||
Høydal (Bru) | Eikefjord | |||||||
Svardal (Bru) | Eikefjord | |||||||
Barlindbotn | ||||||||
Eikefjord | ||||||||
Tonheim | ||||||||
Langedal | ||||||||
Svarthumle | ||||||||
Løkkebø | ||||||||
Sunnarvik | ||||||||
Vadsæt |
Skulekrinsar
Kinn
- Årebrot krins
- Nærøyane krins
- Barekstad krins
- Batalden krins
- Skorpa krins
- Kinn krins
- Reksta krins
- Rognaldsvåg krins
- Askrova krins
- Furusund krins
- Havrenes krins
- Haukå krins
- Krokane krins
- Brandsøy krins
- Terdal krins
- Andal krins
- Bjørnset krins
- Nyttingnes krins
Florø Ladested
Bru
- Svanøy krins
- Vågane krins
- Stavang krins
- Standal krins
- Høydal krins (Bru)
- Svardal krins (Bru)
- Grov krins (Bru)
- Sandvik krins
- Stavøy krins
- Steinhovden krins
- Norddal krins
- Midtbø (Solheim) krins
- Sunndal krins
Eikefjord
- Eikefjord krins
- Tonheim krins
- Barlindbotn krins
- Sunnarvik krins
- Løkkebø krins
- Langedal krins
- Svarthumle krins
Skuleveg
Lærarar
Lærarsegn i Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed
Tidsskriftet Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed Nr. 6 (1922)[1] har ein funne det som truleg er blant dei eldste omtalane av ein lærar i Sunnfjord i ein skifteprotokoll frå 1687[2]. Her skal arven etter Marte Jakopsdotter frå Eikefjord gå til son hennar, Jakob Jørundson «huis fader har vedkiendt sig barnit og beigiert moderen til egte, og med moderen var samtøcht fuldkomet at hafue villet echte, mens formedelst hendis broders Hellie Lanigedals offuervold trusel og undsigelse motte for w-løche affleye drage af efftersom hans nering var at lære børn at læse og derofuer drog til Nordfiord; at deris willie til echteschaib blef forhindret som med manges videnskab er bevisligt: der fore iche hafuer kundet hannem des arf frakiende».
Barnefaren Jørund hadde det å "lære børn at læse" som si næring, altså var han lærar. Skifteprotokollen fortel oss berre at han arbeida i Nordfjord - truleg som omgangsskulelærar, så om han hadde vore lærar i Kinn er usikkert. Skrifteprotokollen "Sunnfjord" brukte som kjelde til saka er digitalisert og tilgjengeleg hos Digitalarkivet.
I Sunnfjord - Tidskrift um Sunnfjord-soga, segn og sed Nr. 3 (1921)[1] Blir det fortalt nokre anektdotar om fleire skulehaldarar frå 1800-talet. Kva kjeldane til desse forteljingane er, vert ikkje oppgitt.
Den fyrste av dei omtala lærarane er "Skule-Kasten" (Karsten Rasmusson). Han skildrast som ein merkeleg figur. Han skal også ha vore kalla "Halte-Kasten", fordi han braut foten etter å ha hoppa ned frå eit tak med heimelaga vingar av tunnestavar og ei rya ein gong i ungdommen. Han skal også ha fortald morosame reglar og laga visor. Den neste læraren tidsskriftet fortel om er "Skule-Joans" frå Indrus, som skal ha halde skule i nordre Kinn og sidan i Gulen.[3] Når han skal ha vore lærar er uvisst, men samstundes skal det ha vore ein lærar ved namn "Skule-Jakop" frå Á i Nordfjord som skula i Bremanger. Dette kan ha vore Jacob Simonson Aa, som iflg. Anders Lothe var lærar i Bremanger frå 1821.[4] Vidare nemnast ein "Skule-Gullak" i Vinspolla og ein "Skule-Nils".[5] Skule-Nils skal ha komme til bygda som gjætargut for presten på Flora, og vart sidan lærar. Ingen av dei omtala lærarane skal ha gått nokon lærarskule. Tidsskriftet avsluttar saka om skulehaldarar med å seie at det sidan kom nye lærarar Kinn: Nytingnes (frå Kinn), Rangsæter og Per Lid (sunnmøringar), og Aleksander Kråkenes (naustdøl) som alle hadde gått lærarskule. Kråkenes skal også ha vore ein god båtbøtar.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Ola Andersson Valvik | Kinn sokn | 1762 | 1785 | [4] | ||
Aleksander Sjurson Sundhordvik | 1741 | Bru sokn, Eikefjoird | 1762 | 1816 | Var skulehaldar i 54 år.[4] | |
Ola Absalonson Svarthumle | Høydalsfjorden | 1776 | 1785 | [4] | ||
Lars Absalonson Langedal | Bru sokn | 1776 | 1790 | [4] | ||
Karsten Rasmusson Stavang | 1758 | Bremanger, Kinn (?) | 1776 | (ca.) 1800 | [4] | |
Kolbein Bendikson Kinn | 1759 | Kinn sokn | 1786 | 1804 | [4] | |
Hans Helleson Vågane | Øyane skulehaldardistrikt | 1786 | 1790-åra | [4] | ||
Karsten Halvorson Langedal | 1763 | Nordalsfjord, Nordre skulehaldardistrik i Kinn | 1788 | 1814 | [4] | |
Ola Mortenson Svarthumle | 1771 | Høydalsfjord skulehaldardistrikt i Bru | 1791 | 1815 | [4] | |
Aleksander Andersson Svardal | 1773 | Øyane skulehaldarstistrikt i Bru | 1791 | Kyrkjesongar i Bru kyrkje.[4] | ||
Abraham Olson Stavøy | 1771 | Bremanger sokn, Søre skulehaldardistrikt i Kinn | 1795 | 1814 | [4] | |
Anders Olson Øvre Standal | 1774 | Bremanger sokn, Kinn sokn | 1795 | [4] | ||
Ananias Andersson Humlestøl | 1784 | Nordalsfjorden skulehaldardistrikt | 1806 | 1818 | [4] | |
Søren Andersson Storøy | 1784 | Bru sokn | 1810 | [4] | ||
Ola Olson Nesbø | 1791 | Bru sokn | 1812 | Drukna i Frøysjøna i desember 1819.[4] | ||
Kristian Simonson Aa Ausevik | Bru sokn | 1812 | [4] | |||
Salamon Rasmusson Sundal | 1797 | Nordalsfjorden skulehaldardistrikt | 1818* | [4] | ||
Jacob Simonson Aa | Søre- or Nordre skulehaldardistrikt i Bremanger | 1821 | [4] | |||
Erik Andersson Domben | Søre skulehaldardistrikt | 1821 | [4] | |||
Gabriel Pederson Sørbotten | Søre skulehaldardistrikt i Bremanger | 1822* | [4] | |||
Anders Larssen | seinast 1828 | tidlegast 1830 | [4] | |||
Gunder Ananiassen Indre Kvam | [4] | |||||
Peder Hansen | seinast 1841 | [4] | ||||
M. J. Sunde | Reksten | (seinast 1875) | ||||
M. Vevring | Skorpen, Furuset, Kinn, Skorpeide | (seinast 1875) | ||||
Chr. Kvammen | Batalden, Barekstad, Domben, Hovden | (seinast 1875) | ||||
R. Apnesæther | Stavø, Solheim, Nyttingnes, Tonnheim | (seinast 1875) | ||||
J. Hatlestad | Haukå, Norddal, Midtbø (Solheim) | (seinast 1875) | ||||
O. D. Haaheim | Årebrot, Terdal, Kroken | (seinast 1875) | ||||
M. Apnesæther | Eikefjord, Langedal, Løkkebø | (seinast 1875) | ||||
B. Dybevik | Høvik, Høidal, Hopen, Osen&Svardal | (seinast 1875) | ||||
C. Hjertend | Svardal, Vardal, Barlindbotten, Tonheim | (seinast 1875) | ||||
R. Rutle | Svanø, Øvre Standal, Askrova | (seinast 1875) | ||||
Th. Horten | Stavang, Stavø, Øvre Standal | (seinast 1875) | ||||
L. Nortdahl | Nedre Standal, Vågene | (seinast 1875) | ||||
P. Hoviksbotten | Skorpen, Furusund, Kroken | (seinast 1885) | ||||
J. Skorpen | Batalden, Barekstad | (seinast 1885) | ||||
Kirkhorn | Haukå, Norddal, Midtbø | (seinast 1885) | ||||
Birkeland | Høvik, Hopen, Svardal | (seinast 1885) | ||||
Hjertenæs | Barnlindbotten, Sundhorvig, Vallsæt | (seinast 1885) | ||||
Sunde | Sunde, Valvik | (seinast 1885) | ||||
A. Gulestøl | Reksten, Kinn | (seinast 1885) | 1892(?) | Kyrkjesongar. Slutta grunna sjukdom i 1892.[6] | ||
Aalen | Eikefjord, Tonheim | (seinast 1885) | ||||
Fasteland | Svarthumle, Laugedal, Løkebø | (seinast 1885) |
Skular og elevtal
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Sunnfjord. 1919. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Haa/L0001: Skifteprotokoll, 1677-1687, s. 294b-295a. Digital versjon hos Digitalarkivet.no
- ↑ Merk!: Anders Lothe si Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860 har ei liste med skulehaldarar frå perioden, men her finn vi ingen Joan.
- ↑ 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 Lothe, Anders A.. Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år. 1971. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Gullak og Nils er som "Skule-Joans" ikkje å finne i Jacob Lothe sitt oversyn over dei tidlegaste lærarane i Kinn.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1871-1916. Side 52.
Kjelder og litteratur
- Eikefjordsoga, Eikefjord.no
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
- Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.
- Sunnfjord. 1919. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Kinn (1891-1900)
- Femårsmeldingar for folkeskulen i Florø (1891-1900)
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1871-1916
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1916-1923
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1923-1934
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1935-1943
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1943-1959
- Møtebok for skulestyret i Kinn kommune, 1959-1963
- Sunnfjord tingrett, SAB/A-3201/1/H/Ha/Haa/L0001: Skifteprotokoll, 1677-1687. Digital versjon hos Digitalarkivet.no.
Skulehistorie i Flora er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |