Skorpa krins var ein skulekrins i gamle Kinn kommune (i Flora kommune frå 1964, i Kinn kommune frå 2020). På 1870- og første halvdel av 1880-talet var krinsen delt i Skorpa krins og Skorpeide krins. Frå krins 1884 ser dei to ut til å vore slege saman til Skorpa krins. I 1972 vart krinsane Reksta, Kinn, Skorpa og Rognaldsvåg slegne i hop til Rognaldsvåg krins. I 2008 vart også Rognaldsvåg krins lagt ned, og borna frå gamle Skorpa krins går i dag på Florø barneskule.