Florø folkeskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Florø barneskole.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Florø folkeskole i noverande Kinn kommune vart bygd som skule i Florø krins 1934 etter 16 år utan skulehus i krinsen. Det førre skulehuset brann ned i 1918 og tunge økonomiske tider gjorde det vanskelig å få reist nytt skulehus. Då skulen endeleg stod ferdig i 1934, var det eit monumentalt bygg i byen. I 1957 vart elevane frå Havrenes krins flytta til Florø folkeskole. Folketalet steig og i 1970-åra gjekk det kring 500 elevar på skulen.

Skulen har adresse Firdavegen 2 og ligg ved sidan av det første skulehuset i krinsen.

Namnet på skulen var Florø folkeskole fram til 1980, då skifta den namn til Florø barneskole.

Skulehuset

Då skulehuset stod nytt i 1934, hadde bygginga kosta 500 0000 kroner. Det var ein stor pengesum i dei harde 30-åra. Skulen var bygd i vinkel med fire etasjer. For å spare pengar vart det satt inn 20-30 vedomnar i staden for sentral oljefyr. Dette skapte mykje arbeid for pedell Jacob Høivik. Opp med ved i fire etasjar kvar morgon og tømme oske kvar kveld.

I 1956-59 vart skulehuset påbygd både vestover og sørover og fekk då den forma den har i dag. Nordfløyen vart forlenga vestover og sørfløyen vart forlenga og påbygd ein etasje i høgda. Utvidinga førte til at gymnastikksalen fekk scene mot sør og i den gamle vedakjellaren vart det symjebasseng. Skulekjøkkenet vart flytta til den nye etasjen over gymnastikksalen.

Anna bruksområde

Skulen fungerer framleis som skule. Lenge var Florø folkeskole det største forsamlingslokalet i byen og fleire større arrangement og markeringar vart halde på skulen. Blant anna storparten av Florø by sitt 100-årsjubileum. Skulen har også husa kino og innandørs skytebane i kjellaren.

Foto

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61.598949° N 5.039307° Ø