Sundal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sunndal krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunndal krins i Flora kommune.

Skulehus

Det var ikkje eige skulehus i Sundal. Det vart halde skule på gardane, og dei flytta på seg kvart år. Det var fire gardar i Sundal og ein i Grøndal som sokna til skulen i Sundal. Sjølv om det ikkje var mange familiar, så var det mange born. På eit tidspunkt haddde til dømes familien i Grøndal ti born, og dei fire familiane i Sundal mellom 5 og 7 born. I dag er det stort sett berre ti ungar i heile Solheim krins.

Dei fire familiane i Sundal klaga på eit tidspunkt til kommunen fordi dei meinte dei fekk for lite husleige for å halde skule på gardane. Kommunen ville ikkje auke husleiga.

Dei siste åra vart det halde skule i Sundalen var skulestova ei gamal kårstove på ein av gardane som vart kalla Larsstova. Denne stova står frameis.

Skuledagen

Skulevegen

Jostein Midtbø fortel at då han var liten var den vanlegaste måten å ferdast i Norddalsfjorden å ro over vatna, gå på skøyter når det var is, eller gå langs vatna når isane ikkje var trygge.

Siste året det vart halde skule i Sundal var i 1960. Skulen vart lagt ned noktre år etter at det kom veg. Det er berre nokre få hundre meter mellom dei ulike gardane i Sundal, så ungane hadde nesten ikkje skuleveg i det hele teke. Dei kunne vente med å gå heimefrå til dei var sikre på at læraren var på plass. Men borna frå Grøndal hadde ein vanskeleg veg til skulen. Der var ikkje vegsamband, og det var tre vatn som skulle forserast. Det var ein "besværlig" veg skuleborna måtte gå. Det er bratte lier langs vatna.

Eitt år var det ein einaste elev frå Grøndal, og det var ikkje forsvarleg å sende sjuåringen åleine til Sundal. Ho budde hjå besteforeldra sine på Solheim og gjekk på skule der. To år etter kom det ein elev til, så då kunne dei slå følgje og gjekk frå Grøndal til Sundal. Lærar Hødal plukka dei opp med båten sin ved Grøndalselva, om lag midt på Sundalsvatnet.

Målfrid Sundal og Per Solvang vaks opp i Grøndal og har skildra sin skuleveg i intervju med Jostein Midtbø:Vi følgde han [lærar A.L. Hødal] i båten frå Grøndalselva. Og så gjekk vi strendene langs vatna. Om haustane var det ofte mørkt når vi kom heim att. Foreldra våre kjende heilt sikkert ofte uro for oss. Dei hadde og ein avtale med Olai Sundal om at vi skulle få vere igjen i Sundalen når føret og veret var mest ulageleg. Og når vi ikkje kom heim att om kvelden, visste foreldra våre at vi varhos Olai og Anne Sofie, og såleis i trygge hender. Isane prøvede vi og sjølv om vi va små. Ein kveld på heimveg var isen spiresett. Vi skjøna nok at dette var fareleg, så vi fann oss kvar vår orepåk til å prøve med. Målfrid gjekk først, ho var lettast fann vi ut. Den gongen hadde vi englevakt. Det var neste ikkje is der.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Nordal kyrkje 100 år (1998), Jostein Midtbø.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Jostein Midtbø
  • Målfrid Sundal
  • Per Solvang


Koordinater: 61.668251° N 5.601226° Ø