Sunnarvik krins
Sunnarvik krins i Flora kommune (tidlegare i Eikefjord kommune) var først ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen skulekrins, og i 1892 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen vart lagt ned i 1962, då elevane flytta til Eikefjord sentralskule.
Skulehus
Det første skulehuset i Eikefjord vart flytta og nytta som skulehus i Sunnarvik frå 1904. Sidan bygget var frå 1863, måtte noko av materialet bytast ut. Då skulekrinsen vart lagt ned i 1962, flytta kommunen bygget lenger opp i bygda. I dag vert huset nytta som grendehus.
Skuledagen
Skulevegen
Sunnarvik skulekrins var fyrst ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen krins, og i 1882 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen lagt ned i 1962, då elevane flytta til den nye Eikefjord sentalskule.
Torleik Stegane hugsar: «Eg var elev ved Sunnarvik folkeskule frå 1954 til 1961. Langs bygdevegen (Svardalsvegen som han heiter i dag) var det fire km å gå til skulen og fire km attende. Vi kunne og gå ein snarveg gjennom skogen. Då gjekk vi opp gjennom Geila, forbi Ospene over Klårvasselva. Vidare i Øvste grøvegen opp til Likkjekvia. Derfrå over Lågeberget og Høgeberget til Likkjekjenna. Forbi Rabbekjenna og Rabbane. Neover Holebøen, forbi Vassetehola til Ospåsen».
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto
Kjelder
- Endestad, Odd Asle: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016, 2016.
- Opplysningar frå Torleik Stegane (elev 1954-61).