Svarthumle krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Svarthumle, Eikefjord, Flora, Sogn og Fjordane. Lite kvitt skulehus, høg kjellarmur med dør. Registrering utført 1958-59 av Johan Schiong for Noregs Lærarlag.
Foto: Johan Schiong, kjelde Norsk Folkemuseum

Svarthumle krins i Flora kommune hadde omgangskule med Ramsdal, Humlestøl, Sæteli, Agledal og Langedal på 1800-talet. Krinsen fekk eige skulehus i 1907. I 1962 flytta elevane til Eikefjord sentralskule og Svarthumle skule vart lagd ned.

Oversikt: Eikefjord – Frå Kyrkjeundervisning til Sentralskule

Skulehus

Svarthumle skule

Bygget var ferdig i 1907, og det fungerte som skule fram til 1962. I 2014 vart huset rive.

10. oktober 1904 behandla heradet søknad frå Svarthumle og Midtbø krets om bygging av skulehus. Jens Snilstvedt og Vasstrand blei valt til å ta i augesyn forholda i dei to kretsane og gje rapport om kvar det var mest naudsynt med skulehus.

Nytt skulehus i Svarthumle eller Midtbø blei ført opp med kr 400 i budsjettet.

30. november 1904 gav heradsstyret dei nødvendige midlar til bygging av eit skulehus med lærarbustad i Midtbø krets med krav om av kretsen ytte dei sedvanlige ytingar. Huset skulle førast opp i 1905.

Skulehuset i Svarthumle skulle byggjast i 1906, også her med krav om at kretsen ytte det vanlige, nemleg fri grunn til tomt og leikeplass, oppføring av grunnmur og transport av byggjematerial til byggeplassen. Vidare hadde Kinn herad fleire krav til kretsen. Inngjerding og vedlikehald av gjerdet til leikeplassen skulle vere kommunen uvedkommande. Vedlikehaldet av huset skulle overtakast av kretsen slik det var med dei fleste hus innan heradet. I tilfelle kretsen ikkje blei einige om kvar huset skulle stå blei dette avgjort av heradsstyret.

Huset skulle akkorderast bort snarast, slik at ein kunne få anledning til å skaffe dei nødvendige material frå dalen.

I 1906 fekk Kristoffer M Svarthumle i oppgåve å få kjørt resterande material til Svarthumle skulehus på billigaste og beste måte snarast mulig.

På spørsmål frå Martin J. Svarthumle ber heradsstyret kretsen sine oppsittarar, til liks med dei andre kretsane, å opparbeide leikeplass ved skulehuset til våren.

I 1921 ber Martin K Svarthumle om at heradet sikrar seg garden Reimene til lærarbustad (og lærarjord) for Svarthumle krets. (Ikkje skrive noko vedtak)

I 1925 fekk krinsformann i Svarthumle pålegg å måle og vøle skulehuset på beste og billegaste måte.

31. mai 1931 behandla skulestyret søknad frå Svarthumle Ungdomslag bruk av skulehuset til møta sine. Saka vart utsett og formann i skulestyret fekk i oppdrag å be Ungdomslaget holde møta sine tidlegare på dag. I september utsette dei saka endå ein gong.

På skulestyremøte i mars 1940 vart det vedteke å legge ned Svarthumle krins inntil vidare. Denne saka er ikkje dokumentert vidare, men skulehuset var fortsatt i bruk.

Riksvegen Florø-Førde gjekk over den gamle leikeplassen ved Svarthumle skule og like inn til skulehuset. Heradstyret meinte at borna ikkje måtte utsettast for fare ved den store ferdsla på vegen. Skulehuset måtte flyttast lenger frå vegen og ny leikeplass opparbeidast etter planane utarbeidd av fylkesagronom Tryti.

På skulebudsjettet 51-52 var det ført opp 4666,- kroner som fylkestilskot til skulebygg. Dette var ikkje med på fylkesbudsjettet. Tilskotet var til flytting av Svarthumle skulehus og leikeplass på Løkkebø.

Ei av dei alvorlegaste hendingane i Eikefjord skulane hendte i Svarthumla. Ein elev fekk kjeft av læraren og gjekk heim. Heime fant han fram geværet til far sin og skaut på skulen. Kuleholet kunne ein sjå rett ved sida av inngangsdøra.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Digitalt Museum, registrering av gamle skulehus i Hordaland og Sogn og Fjordane, initiert av Noregs Lærarlags skulehistorienemnd og utført av Johan Schiong, Bergen 1958-59.

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.567018° N 5.640815° Ø