Barlindbotn krins
Barlindbotn krins i gamle Eikefjord kommune ligg ved Eikefjorden. Krinsen hadde skule fram til 1960. Då vart elevane flytta over til Tonheim krins på andre sida av fjorden. Årsaka var lågt elevtal i Bralindbotn krins. I 1962 vart elevane frå Barlindbotn og Tonheim flytta vidare inn til Eikefjord krins og Eikefjord sentralskule
Oversikt: Eikefjord – Frå Kyrkjeundervisning til Sentralskule
Skuleveg
Skuleskyss frå Barlindbotn til Tonheim var med båtrute. Det var også båtrute inn til Eikefjorden sentralskule. Det var Lars Kalsvik som hadde denne båtskyssen, med den vesle båten Viking. Viking var ein trebåt som ikkje kunne gå i is. Om vinteren måtte foreldra frå Barlindbotn ofte følgje ungane rundt bukta, ofte heilt til Kvalsvikane for å finne isfri sjø. Ved dårleg vær vart skuleruta instilt. Då hende det at elevane måtte overnatte i Eikefjorden.
I 1969 fekk Barlindbotn vegsamband og det vart skuleskyss landevegen.
Skulehus
Barlindbotn skule
- Byggeår: 1916
- Fungerte som skule: 1916-1960
- Anna bruksområde: Skulehuset fungerte ei tid som grendahus. Etter kvart vart huset gjeve tilbake til garden som opphaveleg hadde gitt fri grunn til skulen.
Skulehus
14 september 1911 kom nytt skulehus i Barlindbotn inn på budsjettet med kr 750.-.
Det var strid kor ein skulle byggje skulehuset. Dei utanfor elva (frå Jagedalsvatnet mot Kalsvik) ville ha skulen på Rabben ovanfor Kjørslevik eller aller helst enda lenger ut mot Kalsvikane. Lærar Karl P Hjertenes ville ha skulen lengre inne og hans vilje vant fram i heradsstyret. Han gav også fri grunn til skulehuset.
17 januar 1912 fekk heradsstyret skriv frå skulestyret som hadde bestemt at tomten for skulehuset i Barlindbotnen krets skulle vere på K P Hjertenes innmark og ca 100 meter nord for våningshuset hans. Heradsstyret godkjende dette samrøystes. Vidare vart det bestemt at stein til grunnmur måtte transporterast til tomta innan midten av mai. Oppføring av gjerde og leikeplass vart også pålagt kretsen.
Som byggekomité vart valt: Lars Helle, I. Bjørseth, P. Hjertenes. Vara: Anders Hopen.
27 mars 1914 vart anbod på bygging av Barlindbotn skulehus behandla og anbodet til Gjertsen på kr 3190 godkjent med krav om at huset var komme under tak til 30. juli same året og fullt ferdig til 1. september. Gjertsen var ein sagbruk- og trelast-handlar frå Salbu i Hyllestad.
I april får Gjertsen godkjent mindre forandringar på skulehuset, blant anna at dørene skulle gå ut i staden for inn som på teikningane.
2 februar 1915 rapporterte komiteen for skulehuset ( A. V. Hopen og Gustav Høyvik) om ein del manglar ved nemnte skulehus. Hopen og Høyvik fekk myndigheit til å avvikle forholdet med herr Gjertsen & Co, om tvist skulle oppstå.
Sommaren 1919 bad Barlindbotn skulekrets om at skulehuset blei reparert. Ludvig Kalsvik fekk oppdraget med å få ordna forholda på hensiktsmessig måte.
I 1943 blei det rapportert at leikeplassen ved skulen var i svært dårleg forfatning. Den var alt for liten og så grussliten at kvasse steinar stakk opp dei fleste stadar. Det vart kravt at det minste som måtte gjerast var å gruse plassen til neste skulestart.
Frå 1953 og fram til 1956 var det arbeid på uthus ved Barlindbotn skule. Totalrekninga kom på 6880,55 kroner, der fylket skulle dekke 2/3 delar. Blant rekningane finn ein rekning frå Erik Havn Trevarefabrikk på 7 vindauge til kr 225.-. Sigmund Redal sende rekning på utført arbeid med kr 3,00 pr time.
I 1955 vart lysnettet på sørsida av Barlindbotn utbygd, og Eikefjord skulestyre tinga kraft til Barlindbotn skule. Skulestyret ville ikkje tinge ei fast mengd kraft, men ville betale for den bruken dei hadde. Det var ikkje aktuelt å tinge kraft til oppvarming skulehuset med elektrisitet. Dei ville fortsatt varme det opp med ved, og behovet var fem til seks mål i året.
Matias Kalsvik huska godt den gamle skulen, og spesielt den respekten dei hadde for lærarane. Var ein elev uheldig og mista ned ei linjal eller noko anna frå pulten small handa til læraren i kateteret og – STILLE – ljoma ut i skulestova. Det var disiplin i skulestova, men ein god disiplin.
Dei tre første åra i småskulen var A B Steinhovden læraren til Matias. Steinhovden vart også kjend som ein god kommunepolitikar og som lærar på Bjørnset.
Dei to første åra i storskulen hadde han Olava Joleik som lærarinne og dei to siste åra var det den nyutdanna Sverre Jagedal som var lærar. Matias syntes alle lærarane var flinke .
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Hjertenes | Karl P. | 1848 | Barlindbotn | Han gav fri grunn til skulehuset | |||
Steinhovden | Abraham.B | 1900 | Barlindbotn, Bjørnset krins og Solheim krins (Bru) | 1968 | Skuleinspektør og kjend som ein god kommunepolitikar | ||
Joleik | Olava | Barlindbotn | |||||
Jagedal | Sverre | Barlindbotn |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
- Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.