Erik Havn Trevarefabrikk
Erik Havn Trevarefabrikk, etablert 1934 og nedlagt 1986, var ein trevarefabrikk i Eikefjord i noverande Kinn kommune. For det meste vart det produsert vindauge, dører og trapper på fabrikken. Dei fleste kundane var lokale i Sogn og Fjordane, og fabrikken leverte mellom anna til den nye sentralskulen i Eikefjord som vart opna i 1963.
Erik Havn dreiv møbel- og trevarefabrikk i Eikefjord sentrum frå 1934. Ein del møblar vart produsert, men etter kvart vart det slutt på dette. Havn hadde ei tid jobba på bilfabrikk i USA. Kunnskapen han fekk derfrå, brukte han til å bygge styrehus på nokre lastebilar.
Det vart bygd ei bygning på pælar ut over i fjæra mellom Eikefjord sentrum og kyrkja. Denne bygningen var i to høgder, der første etasje vart brukt som lager og høvelrom. I andre etasje var snikkarverkstaden.
Ein dieselmotor som stod på eigen steinmur dreiv maskinene i fabrikken. Ein aksling under taket i første etasje dreiv maskinene der, medan ein aksling over golvet i andre etasje dreiv maskinene der oppe. Drifta av dei forskjellige maskinene vart gjort ved å koble reimer til hjul på akslingane. Seinare vart det også installert generator på dieselmotoren.
Rundt 1960 utvida Erik Havn fabrikken med ein ny avdeling ved sida av den gamle trebygningen. Det vart fylt ut stein på fjæra og bygd inntil den gamle bygningen. Snikkaravdelinga vart flytta ned frå andre etasje i trebygningen.
Her vart det også etter kvart montert sponavsug på alle maskinene. Denne sponen vart henta av bønder frå heile Eikefjord og brukt som brøye under kreatur i fjøsen.
Neste utviding var kontoravdeling i andre etasje. Materiala som vart brukt i kontordelen vart henta frå eit hus på Osa. Enkelte påstod at det byrja å spøke på fabrikken etter denne utvidinga, og fleire på Osa sa det spøkte i huset som vart rive.
I 1979 vart det lagt nytt tak over heile fabrikken. Taket vart lagt ein god del høgare enn det gamle. Kontorene vart flytta fram mot vegen, og arbeidarane fekk garderobe i første etasje.
I desember 1980 tok stormen taket på fabrikken. Isolasjon og takplater låg spreidd utover i Dalen. "Fint pynta", meinte humoristane i bygda.
Etter kvart fekk fabrikken avtale om leveranse av Stjernevinduet. Arne Havn vart snart sentral i vidareutviklinga av vindauget.
I 1979 bytte fabrikken namn frå Erik Havn Trevarefabrikk til Havn Trevarefabrikk. Arne Havn hadde tatt meir og meir over den daglege drifta av selskapet, og no vart han også formann i styret. Albert Havn og Klara Havn var også med i styret.
På slutten av 1986 måtte Havn Trevare leggje ned drifta. Stor konkurranse og manglande oppdrag bidrog til at fabrikken gjekk konkurs. Like etter var det auksjon av utstyr på fabrikken.
I 1987 kjøpte Eikefjord Mekaniske Verkstad bygningane og sette i gang produksjon i lokala.
Kjelder
- Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Utg. Det norske næringslivs forl. Bergen. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nb.no – Firda Folkeblad, Firdaposten, Firda.
- Oline Endestad