Skuleverket rundt Eikefjord i gamal tid
Skuleverket rundt Eikefjord i gamal tid
Det eldste skuleverket
Kristendommen er nært knytt til misjonsbodet, og i eldre tider hang undervisning og religion uløyseleg saman. Frå andre halvdelen av 1200-talet var det ein regel at alle som var eldre enn sju vintrar, skulle kunne truvedkjenninga, Fader Vår og Ave Maria. Undervisninga var munnleg og knytt til gudstenesta om sundagane.
Det første spor av skule i Eikefjord er frå før 1687. Då hadde ein mann ved namn Jørund vore lærar i Eikefjordsdalen, og lært folk der å lese. Eikefjordsdalen var eit vanleg namn nytta på Eikefjord og dalane innanfor, Løkkebø, Svarthumle osv.
Som følgje av pietistisk påverknad, innførte den sterkt religiøse kong Kristian den 6. tvungen konfirmasjon i 1736, og obligatorisk allmugeskule i Norge ved forordningar i 1739. Som lærarar skulle det tilsetjast folk som var frå bygda, var vane med levemåten og kosten, forstod sin kristendom og kunne lese og skrive.
I Kinn prestegjeld leia den unge, nye soknepresten Sigvard Brarup arbeidet med skulefundasen, den første skulelova i Kinn og dermed i Eikefjord. 14. juni 1743 signerte og sette han stempelet sitt under regelverket saman med seks framståande bygdemenn. Fundasen hadde tittelen «Indretning til Omgaaende Skolehold udi Kinds Præstegield efter Konge allernaadigste anordning av 5. maji 1741».
Det skulle vere ein lærar, eller skulehaldar, i kvart av dei tre kyrkjesoknene Bremanger, Kinn og Svanøy.
Det var ikkje noko overstrøymande glede for skulen hos bøndene korkje i Eikefjordsdalen eller andre stader i Sunnfjord første tida. Borna skulle hjelpe til i arbeidet på garden, meinte dei fleste. Dette vart teke omsyn til i skulefundasen. Skuletida skulle vere etter at avlinga var kommen i hus om hausten ved Mikkelsmesse (29. september) og halde på fram til 3 april.
I 1762 gjekk prestegjelda Kinn, Førde, Ytre Holmedal og Indre Holmedal over til ny felles fundas. Det skulle vere seks skulehaldarar i Kinn, og dei skulle lære barna å lese i ABC-en, katekisma og Pontoppidans Forklaring.
Trass i auka satsing på skulen let resultata vente på seg. I 1835 blei det rapportert at berre 10% av elevane lærte å skrive og 1% å rekne. Særleg ille vart forholda rapportert å vere i Eikefjorden – her var det ofte forsøming av skulen, og særleg mange føresette heldt barna sine heime. I dette distriktet møtte ein også på ungdommar i 20-årsalderen som enno heldt på med si første elementærundervisning . Soknepresten fekk no pålegg om å kalle til seg alle foreldre som sa dei undervisete barna sine, for å prøve dei i kva dei dugde til. Fem år seinare var det framgang å spore i skulen.
Ferdinand Treu skreiv kvart år (1782-1784) at skulevesenet i Kinn var i den uslaste tilstand. Claus Finde, som kom i 1785, skreiv at det ikkje fanst noko skulevesen i det heile. Finde tok grep. Han kjøpte inn bøker, pennar, blekk og skrivepapir. I 1787 gav han også dei fem dåverande skulehaldarane fast løn.
Frå Eikefjord er det bevart ein skuleprotokoll som er ført frå og med 1828.
Her finn ein navn på 58 elever og kven som var forsørgjar. Det er også ei kolonne for sivil status. Her er barn ned i 7 år oppført som tenar.
På basis av denne og andre protokollar kan ein følgje skulen og læraren sin årsrytme. Skuledistriktet hadde fire roder.
- Vasset, Svardal, Sunnarvik og Knappstad.
- Eikefjord, Hovland, Kvalvik, Tonheim og Tonheimslia.
- Eikevollen, Sørdalen, Øyra, Endestad og Løkkebø.
- Ramsdal, Humlestøl, Svarthumle, Sæteli, Agledal og Langedal.
I kvar rode heldt læraren skule i 48 dagar årleg, fordelt på åtte veker med seks dagar skule i veka. Dette var omgangs-skule der lærarane laut reise rundt frå gard til gard og halde skule. Det var bestemt kor mange dagar han skulle vere på kvar gard, og der fekk læraren kost og losji. I tillegg fekk dei ei lita løn.
Etter han var ferdig med ei rode, vandra han vidare til neste for å halde skule der. Totalt heldt han skule i 32 av årets veker.
Omgangsskulen skulle framleis vere det vanlegaste på bygdene til langt utover på 1800-talet. Ei ny skulelov frå 1827 sette som mål at det skulle vere fast skule ved hovudkyrkja i kvart prestegjeld, men dette blei ikkje realisert i Kinn.
På slutten av 1800 talet kan ein sjå frå skuleprotokoller at det var vanleg å leige skulelokale i kvar krets for eit år om gangen. Frå Grov/Hatleset skulekrets ser ein at i 1902 fekk ein ikkje leige lokale på Hatleset så skulen blei flytta til Søren I. Grov. Han fekk kr 3 kvar veke i 9 veker.
Omgangsskulen
Eikefjord skuledistrikt
Frå Eikefjord -skuledistrikt nr. 6 i Kinn -finst det bevart ein skuleprotokoll som er ført frå og med 1838, og på basis av denne kan vi følgje skulen og læraren sin årsrytme. Skuledistriktet hadde fire roder.
Vasset, Svardal, Sunnarvik og Knappstad.
Eikefjord, Hovland, Kvalvik, Tonheim og Tonheimslia.
Eikevoll, Sørdal, Øyra, Endestad og Løkkebø.
Ramsdal, Humlestøl, Svarthumle, Seterli, Agledal og Langedal.
I kvar rode heldt læraren skule i 48 dagar årleg, fordelt på åtte veker med seks dagar skule i veka. Etter han var ferdig med ei rode, vandra han vidare til neste for å halde skule der. Totalt heldt han skule i 32 av årets veker.
Økonomi
Hovudproblemet for skulestellet den første tida var likevel finansieringa. Fundasen frå 1743 sa at kvar bonde skulle betale 8 skilling i skuleskatt årleg, og husmennene halvparten så mykje. Skulehaldarane laut krevje inn skatten sjølve, då ingen andre ville gjere denne jobben. Sannsynlegvis har dette fungert dårleg i praksis. I 1762 vart skuleskatten redusert til ein fjerdedel, 2 skilling for kvar mann av allmugen. Men sjølv ikkje ein så låg skatt var folk interesserte i å betale.
Skulekassen fekk også midlar via bøter. Ein kar måtte i 1757 betale bot til kongen og 1/2 daler til skulekassa i Kinn. Han var drukken og slost på ein helgedag i eit brudefølgje om bord i ein båt.
I 1802 betalte hoffagent Janson i Bergen det Svanøykyrkja skulda skulekassa, og frå då av kom det årlege bidrag frå Svanøykyrkja.
I 1816 kom ei lov som gav føresegner om at skulekommisjonane skulle utarbeide lokale skulebudsjett, og at ein hadde rett til å krevje inn skuleskatt. I Kinn prestegjeld heldt skulekommisjonen sitt første møte etter den nye lova 13. september 1818. Dei vedtok då å krevje inn skuleskatt.
Skulekommisjonen bestod av lensmannen, soknepresten med hans kapellan samt fire kyndige bønder oppnemnt av amtmannen og prosten, og hadde til oppgåve å føre tilsyn med skolevesenet i bygda. Amtmann, prost og fogd skulle føre et visst tilsyn med kommisjonen sitt arbeid.
Men det skulle likevel vise seg å vere vanskeleg å krevje inn skuleskatten. Først etter ei innstramming i 1826 gjekk det betre med skatteinngangen. Skulekommisjonen peika då ut eigne skatteinnkrevjarar i kvart enkelt skuledistrikt, og restanselister vart sende til amtet med oppmoding om rett til utpanting.
Det fanst eit smotthol i lova som svekte skulesystemet. Dei som sa at dei underviste barna sine sjølve, slapp nemleg unna skuleskatten. Lexau skreiv i 1780 at sjølv dei som var nokolunde velståande, nytta seg av denne utvegen, med det som resultat at undervisninga vart forsømd. Verst gjekk det ut over dei fattige barna, sidan foreldra ikkje hadde råd til å gje skulehaldaren nødvendig kost, hus og løn.
Lov om folkeskolen på landet blei vedtatt på Stockholm slott den 26. juni 1889. Lova slo fast at det i alle herad skulle vere 2 delte folkeskular. Kvart herad skulle delast inn i skulekretsar der det skulle vere ein skule.
Denne lova gav fortgang i den storstilte skuleutbygginga som vi fekk i Eikefjord. Det vart bygt til saman sju grendaskular som igjen blei lagt ned når sentralskulen i sentrum blei bygt.
Mynteininga i Norge har skifta opp gjennom tidene. I 1625 var eininga: 1 riksdaler = 6 mark = 96 skilling.
Norges Bank blei oppretta i 1816, og frå same år gjaldt eit nytt myntsystem: 1 speciedaler = 5 ort = 120 skilling. Ved overgangen til krone og øre i 1875 ble 1 speciedaler satt til 4 kroner.
Heradsstyret bestemt kor mange dagar omgangsskulen skulle vere hos kvar enkelt og total skuledagar i året.
8 august 1872 – Regulering av skulekretsar:
Løkkebø krets: Mads Rasmussen Løkkebø 8 dagar, Morten Andersen 5, Lars Sørensen 11, Simon Mortensen 11, Anders Larsen 5, Henrik Torgersen 5, Jens Eliassen Indestad 5, Bendik Hansen 11, Andreas Eliassen 7, Anders Berthelsen 5, Elias Nilsen Øren 11 dager.
Langedal krets: Anders Rasmussen Langedal 5 dager, Johan A. 9, Simon B 8, Anders E Sæterli 8, Ole A Svarthumle 8, Mads Eriksen 7, Martinus Pedersen 7, Absalon Andersen Ramsdal 6, Alexander O 5, Samson Madsen 4, Josef M Humlestøl 3, Mads Simonsen 3, Ole C Agledal 3, Morten J Syrdal 4, Andreas Ekevold 4 dager.
Eikefjord krets: Anders Kvalvik 15 dagar, Christoffer S 3, Rasmus Hovlandshamn 2, Elle E 4, Niels I Hovland 6, Ole Kr. Arntsen 5, Ole Olsen 4, Mads Madsen 4, Ole M Eikefjord 3, Anders A 2, Jacob A 3, Charsten Salamonsen 7, Anders J 4, Mads O Knapstad 5, Bendik T. 4, Henrik J 4, Simon A 4, Johannes H 2, Thor A 3.
1 mars 1877 – skuleholdet
Løkkebø: Elias Øren 11 dager, Anders B Indestad 5, Andreas E Indestad 7, Bendik H Indestad 11, Elen H 5, Henrik T Løkkebø 5, Anders L Løkkebø 5, Simon M 11, Søren L 2, Hans L 7, Ole Olsen 7, Mads R 8. Tilsammen 84 dager
Langedal: Samson M Ramsdal 5, Absalon Andersen 6, Josef M Humlestøl 3, Moses A Svarthumle 4, Ole Andersen 8, Simon B Langedal 9, Jens M 6, Johannes M Syrdal 3, Alexander Olsen 5, Ole M Svarthumle 2, Martinus P 7, Anders Eliassen Sæterli 9, Johan A Langedal 8, Ole O Agledal 4, Samson Ekevold 3. Tilsammen 84 .
Eikefjord: Anders A Kvalvik 15, Anders C 4, Nils I Hovland 10, Ole O? 6, Landhandler S Hopen 12, Ludvig A Eikefjord 6, Salamon J 5, Anders A 4, Søren B Knapstad 4, Simon A 6, Thor A 4, Rasmus A Hovlandshamn 4, Ole og Dreier E 4, Ole M A Hovland 6, Niels Madsen 6, Anders J Eikefjord 7, Handelsforeningen 4, Ole Madsen 5, Anders Larsen Knapstad 4, henrik Joh. 7, Enken Susan Pedersen 3. Tilsammen 126 dager.
Barlindbotn: Anders Johannesen Enke 35 dager, Markus Kalsvik 21, Anders Kalsvik 7, Josef Dypevik 14, Ole Hopsteig? 7 – 84 dager.
Sjølv om Eikefjord hadde skulehus frå 1863 kan ein lese at bønder og handelsmenn var pålagt skuleplikt både i 1872 og 1877. Les ein lova ser ein at skulelæraren skulle ha fri kost og losji hos bebuarane.
AVSIDESLIGGANDE GARDAR
Det var ikkje like enkelt å komme seg til alle avsidesliggande gardar for dei som gjekk på omgangsskulen. Kommunestyret bestemte 15. januar 1869 at gardane Agledal i Langedal krets, Sørdal og Nerstøl i Løkkebø krets skulle reknast som einsleg liggande bustader og at oppsittarane på nemnte garder burde gje ei godtgjersle til fordeling blant dei skulepliktige innbyggjarane i kretsen som overtok skulehaldet.
Agledal og Sørdal skulle betale ei godtgjersle på 12 skilling pr dag og for Nerstøl skulle 24 skilling vere passande.
UTPANTING AV SKULESKATTEN
Ikkje alle betalte skuleskatten som var pålagt og det vart dermed fortatt utpanting hos dei som ikkje betalte. 8 august 1872 fekk ordføraren i oppgåve «å foreta dei fornødne foranstaltinger til avhenting og oppbevaring av det av lensmand Lind utpantede for skuleskatten for 1871».
Språket
I 1853 gav Ivar Aasen ut «Prøver af Landsmål i Norge» og i 1855 vart bladet Ervingen gitt ut. På bakgrunn av landsmålet til Ivar Aasen, starta frå midten av 1800-talet kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar. Fleire av desse tilhengarane var lærarar og nytta nynorsk i si undervisning, sjølv om det enno ikkje var gitt løyve til det.
Ein ny normalplan for folkeskulen sette målmennene i harnisk i 1874. Setninga som vekte det sterkaste engasjementet var denne: ”Efter hånden opøves børnene i at forstå og selv benytte det i bøgerne almindelig brugte sprog”. Det ville seie at barna skulle lese, skrive og snakke dansk.
I 1878 kom Johan Sverdrup med framlegg til Stortinget om å endre lova om folkeskulen (almueskulen) til at ”...undervisninga i almueskolen så vidt mulig meddeles på børnenes eget talesprog”. Framlegget vart teke inn i normalplanen for folkeskulen.
I 1885 kom 41 stortingsmenn med framlegg om at nynorsk skulle ha dei same rettane som dansk. Framlegget var det første stortings-dokumentet skrive på nynorsk. Det vart sendt til Kyrkjenemnda som gjorde følgjande vedtak til framlegg: ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden forføining til at det norske folkesprog som skole- og officielt sprog sidestilles med vort almindelige skrive- og bogsprog”. Framlegget om jamstelling vart vedteke med 78 mot 31 røyster.
I Eikefjord finn vi i skulestyreprotokollane at Tonheim skulekrets bestemte i 1892 å bruke bokmål både som lese- og skrive-språk. Landsmål ville dei ikkje ha.
Hovden krins vart først i Kinn med nynorsk hovudmål i 1909. 1919 var det store året for innføring av nynorsk i Kinn, då innførte dei nynorsk i blant anna Steinhovden, Svardal, Grov, Leversund, Eikefjord, Løkkebø, Tonheim, Sunnarvik og Barlindbotten.
I november 1927 vedtar skulestyret at Nynorsk salmebok kan nyttast saman med Landsted salmebok i skulane i Eikefjord. Det blei også vedtatt i innføre Sørås Songbok – landsmålsutgåva.
1. mai 1937 hadde skulestyret opp sak om rettskrivingsnorm og sende følgande skriv til Stortinget:
«Eikefjord skulestyre må på det alvorlegaste råda frå at det målbrigdeframlegget som no ligg fyre vert vedteke. Alle skulane her i bygdi hev nynorsk, og det brigde som er fyreslege, vilde verta til stor skade for skulen her. Det vilde vekkja sorg og harme og gjera folk leide av heile nynorsken. Me mæler i mot at nynorsk, som i fyrevegen er norsk, skal brigdast mest. Saki må verta framdrygd, og framlegget gjennomarbeid på nytt. I-målet må få ha sin fulle rett.»
13/2-39 sendte skulestyret igjen skriv angåande språket, denne gang til departementet. «I Eikefjord herad hev me havt nynorsk i folkeskuen sidan 1919 og i-formi og or-endingar hev vore nytta heile tidi. Dette tykkjer me hev vore sers greidt for borni. Me bed difor det vyrde departement at i-formi, me og fleirtalsendingi-or maa verta tilate i lese og lærebøker heretter ogso.»
Diverse
I 1890 vedtok Sunnarvik og Vasseth skulekrets skulle behalde barnetukt etter skulelova frå 26. juni 1889. I 1895 fekk jamvel læraren i Sunnarvik myndigheit til å gi ris for mindre ugjerninger utan å tilkalle tilsynsnemnda.
Haldninga til skulen endra seg ikkje mykje hos bøndene. I 1917 protesterte Tonheim og Sunnarvik skulekrets mot utviding av skuletida. Det var vanskelege tider og barn i 12-14 års alderen kunne gjere manns arbeid på garden. Det var også helt unødvendig for jentene å lære handarbeid på skulen, dette kunne dei lære heime.
Skulestyret vedtok i 1927 at ein skulle vidareføre reglane frå Kinn skulestyre med omsyn til bruk av skulane utanfor skuletida.
Reglane for bruk av skulehusa i Eikefjord herad utanfor skuletida blei igjen tatt opp 22. mai 1937. Reglane som blei vedtatt er blant anna som følger.
Avskrift:
1. Dei som stend fyre samkomene hev ansvar for at alt går sømeleg for seg. Folk som er påverka av alkohol, må straks utvisast, eller og må ein bryta av samkoma.
2. Røyking og sputting i skulehuset og dei andre rom som høyrer skulen til, er strengt forbode.
3. Runddans og moro som er sers ståk med, er strengt forbode. Vil ein hava folkeviseleik, må ein til kvar gong hava særskilt løyve.
Etter skriv frå formannen i edruskapsnemnda skjerpa skulestyret reglane for bruk av skulehusa utanfor skuletida. Reglane skulle slåast opp i klasseromma og serskilt skjerpa at spytting og røyking i skuleromma og gangar ikkje måtte forkomme. Rusa personar skulle bortvisast. Dei lag som ikkje overheldt reglane måtte regne med at løyve til å bruke skulehusa vart inndregne.
Skuledirektøren i Bjørgvin skjerpa inn godkjenning av tilsetting i skulen etter krigen. Det skulle krevjast vitnemål for god nasjonal støleik under okkupasjonen. Ei lærarinne som blei tilsett i Svarthumle i 1946 og måtte dermed vise fram slikt vitnemål.
Lov om Folkeskolen paa Landet. Stockholms Slot den 26de Juni 1889.
Lov om folkeskolen på landet blei vedtatt på Stockholm slott den 26. juni 1889. Lova slo fast at det i alle herad skulle vere 2 delte folkeskular. Kvart herad skulle delast inn i skulekretsar der det skulle vere ein skule. Einsleg liggande bustadar kunne slåast saman med andre kretsar. Første avdeling var for barn mellom 7 og 10 år, andre avdeling for barn frå 10 – 14 år. Undervisninga skulle vare i 12 veker kvart år
10 DESEMBER 1891
Skolestyret la fram eit forslag til ny kretsinndeling for skulane. Heradstyret meinte at dersom Kinn kommune var rik og mektig kunne ordninga kanskje godkjennast, men heradet var av dei fattigaste innan for amtet. Den foreslåtte kretsinndeling ville vere aldeles ruinerande sjølv om søknad om ein tredjedels statsbidrag til lærarlønningar blei innvilga.
Skulebudsjettet for 1892, som blei utarbeida på basis av denne ordning var på kr 9323, der lærarlønningar var kr 7340. I tillegg kom eit fattigbudsjett på 8660 kr og på sida av dette andre kommunale utgifter. Det var derfor nødvendig at det kom fram ein billigare ordning enn den som var foreslått og denne måtte finnast utan at skulen ville lide.
Skoleloven gav lov å bruke hjelpelærar i småskulen og i mindre kretsar og heradstyret kunne ikkje skjønne anna enn at disse med like stort hell kunne overta undervisninga i første avdeling av dei todelte skulane. Hjelpelærar eller lærarinner hadde ein vekeløn på kr 8 mens lærar kosta kr 16. Dette ville for Kinn herad, der det var foreslått 10 todelte skular, gje ein ikkje liten innsparing årleg.
Det var uheldig at skulestyret hadde tilsett 4 lærarposter før skuleordninga var vedtatt, men forhåpentleg var lærarane tilsett på vilkår som ikkje ville hindre ein ordning som var rimelegare samtidig som læringa gav like gode resultat.
Å komme med nye forslag låg utanfor heradstyret sin kompetanse, men innan saken vart sendt til overtilsynet for uttalelse måtte ein ny kretsinndeling utarbeidast, med større innsparing enn den forrige.
14 JANUAR 1892
Heradstyret behandlar skriv frå skuledirektøren om den nye kretsinndelinga. Skuledirektøren forslo å slå saman Sunnarvik og Eikefjord krets.
Heradstyret avsa slik fråsegn:
Veglengd til ein sentralt stad mellom Eikefjord og Sunnarvik, der man gjekk ut frå at skulehus eventuelt måtte byggjast i tilfelle disse to kretsane måtte slåast saman er følgjande:
Cirka 5000 meter frå Knapstadåsen,
Cirka 5000 meter frå Rimmen
Bustadar i Sunnarvik krets cirka 6000 meter
Og frå Kvalvik i Eikefjord krets, cirka 5000 meter
I tillegg kom det at frå Knapstadgårdene kun gjekk ein dårlig gangsti frå de respektive bustadar. Heradstyret såg det nær sagt umulig å få ein samla skule, man måtte i all fall vere innstilt på å opprette 2 eller fleire småskular og heradstyret ville derfor ikkje vedta ordninga foreslått av overtilsynet.
Lov om folkeskolen på landet frå 1889 gav startskotet til den store utbygginga av grendaskular blant anna i Eikefjord
Eikefjord skule 1863 – ny skule i 1901
Langedal 1896
Sunnarvik 1903
Svarthumle 1907
Barlindbotn 1915
Løkkebø 1928
Tonheim 1939
Skuleborn.
Frå protokollane kan vi sjå kor mange barn som har gått i skulen fram gjennom tidene.
År | Barlindbotn | Eikefjord | Langedal | Løkkebø | Sunnarvik | Svarthumle | Tonheim | Totalt |
1891 | 16 | 47 | 38 | 16 | 27 | 27 | 24 | 195 |
1900 | 15 | 57 | 37 | 13 | 29 | 33 | 12 | 196 |
1942 | 15 | 41 | 25 | 14 | 13 | 13 | 9 | 117 |
1950 | 13 | 60 | 37 | 11 | 20 | 8 | 10 | 159 |
År | 1. klasse | 2. klasse | 3. klasse | 4. klasse | 5. klasse | 6. klasse | 7. klasse | 8. klasse | 9. klasse | 10. klasse | Totalt |
1963 | 17 | 22 | 22 | 15 | 18 | 25 | 18 | 137 | |||
2000 | 22 | 15 | 15 | 12 | 16 | 20 | 10 | 18 | 11 | 19 | 158 |
2016 | 12 | 19 | 15 | 4 | 19 | 14 | 15 | 15 | 14 | 13 | 140 |
Kjelder
- Endestad, Odd Asle: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Utg. O. A. Endestad. 2016. Digital versjon på Nettbiblioteket.