Sigurd Førsund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent

Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.

Oppvekst

Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.

Ung lærarfamilie på flyttefot

Sigurd Førsund tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922.

Bryllaupsbilete, Sigurd og Arnfine Førsund, Sveio 1909.
Foto: Ukjent

Han hadde lærarstillingar mange stader dei fyrste åra: Fyrst på Brekke i Sogn 1906-1907, så i Sveio 1907-1909, der han vart kjend med Arnfine Dommersnæs (1886-1966) dotter av lærar Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdotter Svendsbø. Sigurd og Arnfine gifta seg i Sveio i 1909. Dei fekk fem søner og fire døtrer, fødde i tidsrommet 1910-1924.

Same året dei gifta seg, kom dei til Skjåk i Gudbrandsdalen, der dei vart verande i to år. Førsund var lærar i Holmork skule og organist i Skjåk kyrkje. Det var nå Sigurd Førsund lærde Tore Ørjasæter å kjenne, og han komponerte tonen til Vestland og eit anna av dikta til lyrikaren. Ørjasæter hadde nyss fått gjeve ut sine to fyrste diktsamlingar, i 1908 og 1910, og Vestland stod i den andre, I dalom.

Så flytta Førsund og familien til Lardal i Vestfold (1911-1912), Stord (1912-1913), Etne i Sunnhordland (1913-1914) og Sjernarøy (nåverande Finnøy kommune i Ryfylke) (1914-1919).

Mangeårig yrkesliv og samfunnsengasjement i Etne

Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad.

I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var likningssekretær. I Etne skulestyre var han formann i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. Førsund var styremedlem og formann i Sunnhordland krins av Noregs Lærarlag. Han var målmann og var mellom anna styremedlem i Karmsund fylkesmållag. I tillegg til å vere organist i kyrkja på staden, var han kordirigent og dyrka musikkinteressene på fleire måtar.

Lokalhistorikar på sine eldre dagar

Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund.

Kjelder og litteratur