Åsane kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Salhus Tricotagefabrik kring 1935. Dette var ein av dei største arbeidsplassane i Åsane kommune. Fabrikken sysselsette på 1950-talet over 300 personar.
Foto: Wikimedia Commons

Åsane kommune i Hordaland vart i 1903 utskilt frå Hammer kommune. I 1914 vart eit mindre område overførd frå Hammer til Åsane. Fram til 1917 var skrivemåten Aasene.

I 1972 vart Åsane saman med kommunane Laksevåg, Arna og Fana innlemma i Bergen kommune. Åsane hadde då eit areal på 71 km², som vart til bydelen Åsane.

Den kommunale veksemda

I 1913 hadde heradet fire skulekrinsar med til saman 326 elevar. Desse vart underviste av fire lærarar og ei lærarinne.

Den samla lengden på dei kommunale vegane (bygdevegane) var i 1913 på 6,1 km.

Kring 1950 vart Eidsvåg kommunesenter i Åsane, og her vart det bygd nytt kommunehus. Etter at Åsane vart slått saman med Bergen kommune, har bygget mellom anna husa bydelsadministrasjonen.

Kjelder og litteratur