Anders Hjellum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Anders Hjellum (døypt Andreas, fødd 13. februar 1870 i Aurland, død 21. november 1950 i Kvinesdal) var gardbrukarson frå Hjellum i Undredal i Aurland. Han tok lærareksamen på Stord seminar i 1891 og var deretter lærar i Vinje i Telemark til 1893. Etter dette var han lærar og kyrkjesongar i Kvinnherad 1893-1895 og Gaular 1896-1897. Han gifte seg i Aurland 26. juni 1895 med Kari Olsdotter Underdal (fødd 1867).

I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen, og han vart den fyrste klokkaren som budde på Øvregarden, som Jostedal kommune året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under Jostedal prestegard. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.

Frå 1901 til 1904 var Hjellum styreformann (banksjef) for Jostedal sparebank. Han var lærarrepresentant i Jostedal skulestyre iallfall 1904-1906 og 1912–1916, og truleg heile perioden han budde i Jostedalen. Han var med på å skipe Jostedal mållag i 1906 og var styremedlem dei fyrste åra, formann i 1908. Han var sentral i alle framstøytar for å føre inn nynorsk i skulen i Jostedalen desse åra. I 1901 var han framleggsstillar då skulestyret gjorde det fyrste vedtaket som opna for landsmåslbøker i skulen i Jostedalen (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). I eit avisstykke i 1918 fekk han den attesten at han var "den som hev gjort mest til og hev mest æra av framgongen [for målreisinga] i Jostedalen."[1] Hjellum var elles formann i Jostedal avhaldslag i 12 år.

I 1919 flytte Hjellum og kona til Feda i Kvinesdal der han vart tilsett som lærar og kyrkjesongar, og her budde dei livet ut.

Notar

  1. Reisebrev fraa Sogn, Hardanger 12.3.1918 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • Anders Hjellum i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Anders Hjellum i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Fyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901) (Jostedal historelag).
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk. Stavanger: Dreyer.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital utgåveNettbiblioteket. s. 350.
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89. (Digital utgåve)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenker


Forgjengar:
 Halvor Larson Faaberg 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars R. Nedrelid