Klokkarar i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Klokkarar i Jostedalen er ei liste over degnar, klokkarar og kyrkjesongarar i kyrkjesoknet Jostedalen i Sogn og Fjordane. Lista er ufullstendig og mange av opplysningane usikre, særleg når det gjeld årstal.

Den fyrste opplysninga ein har om degneordninga i Jostedalen, er frå eit brev i 1625. Her heiter det at presten Mikkel Nilsson i kallsbrevet hadde fått rett på degnemæla, så på dette tidspunktet har bygda neppe hatt eigen degn.[1] Seinast i 1668 må det ha vore ein klokkar i bygda, for då er det nemnt at klokkaren mottok eit årleg korntilskot frå klokkaren på Voss.[2]

Klokkarane var òg lærarar i allmugeskulen/folkeskulen. Sjå eiga liste med Lærarar i Jostedalen.

År Namn Merknader
Før 1712-ca 1752 Ole Knutson Grov
Ca 1752-1776 Ole Anderson Åsen Svigerson av forgjengaren
Ca 1760 Henrik Anderson Kreken Truleg mellombels i ein kortare periode. Bror av forgjengaren
1776-1781 Anders Olson Frå Åsen, son av forgjengaren Ole A. Åsen
1781-1789 Lars Olson Bjørk Bror av forgjengaren
1790-1833 Johannes Asbjørnson Hus Busett på Bjørk
1833-1850 Ole Olson Aasestølen Òg omtala som Ole Faaberg
1850-1856 Johannes Halvorson Vamberg
1856-1898 Halvor Larson Faaberg
1898-1919 Anders Hjellum Den fyrste som budde i klokkargarden Øvregarden
1919-1922 Lars R. Nedrelid Det er sprikjande opplysningar om Ove Wangensteen Haug eller Lars R. Nedrelid var klokkar i Jostedalen 1919-22
1922-1939 Ove Wangensten Haug
1940-1968 Hallvard Hesjevoll
1968-1969 Lars Sperle
1969-1987 Per O. Myklemyr
1988-2001 Magda Skarestad Myklemyr
2001-2003 Oddlaug Molland
2003- Marit Elvekrok

Notar

  1. Brev frå biskopen 1.8.1625 (Jostedal historielag), jf. Laberg 1948, s. 179
  2. Statsarkivet i Bergen, lærar Haugens skulehistoriske arkiv, ref. kyrkjestolen for Sogn 1668

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 215-216.