Halvor Larson Faaberg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Halvor Larson Faaberg (fødd 8. mars 1829, død 20. januar 1929), var frå garden Øvre Fåberg i Jostedalen. Han var det nest yngste av dei 13 borna til Lars Olson Fåberg. Han gifte seg med Anna Olsdotter frå garden Berget i Fåberg 3. juli 1854. Dei budde på Øvre Fåberg, og 4. juni 1873 fekk Halvor skøyte på heimebruket hjå bror sin. Han skøytte i 1918 garden til sonen Ola og vart buande her til han døydde mest hundre år gamal.
Halvor L. Faaberg var lærar og klokkar i Jostedalen i over 40 år, frå 1856 til 1898. Klokkaren Ole Olson Aasestølen var onkelen hans.
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Øyane, Lars E.: Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, 1994. s. 723. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Eksterne lenkjer
| Forgjengar: Johannes Halvorson Vamberg |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Anders Hjellum |