Ole Olson Aasestølen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Olson Aasestølen (døypt 25. november 1781, død 21. april 1859) var gardbrukarson frå Øvre Fåberg i Jostedalen. Han var son av Ole Olson Fåberg (ca 1753-1839) frå Åsen og Martha Halvorsdotter (1747-1820) frå Øvre Fåberg. Han var såleis bror til Lars Olson Fåberg og Halvor Olson Vamberg.

Ole gifte seg 14. juni 1812 med Britha Eriksdotter (1785-1868) frå Åsen, og dei fekk 14. juni 1814 feste på husmannsplassen Åsastølen under Åsen. Dei dreiv plassen til 1852.

Ole Aasestølen var lærar og klokkar i Jostedalen i mange år. Han overtok truleg klokkarposten i 1833 og hadde han til 1850. Han var onkel til Halvor Larson Faaberg som seinare vart klokkar i bygda.

Ole og Britha var barnlause.

Ole må vera den Kirkesanger Ole Vigen som er nemnd som medlem i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 237 og 722. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Johannes Asbjørnson Hus 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Johannes Halvorson Vamberg