Johannes Asbjørnson Hus
Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk) (fødd 6. mai 1751 i Ullensvang, død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som klokkar i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden Bjørk der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796.
I 1793 kjøpte Hus Jostedal kyrkje, som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.[1] Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.[2] I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.[3]
Biskop Claus Pavels, som ikkje strøydde om seg med ros av lærarar og klokkarar, sa i 1818 om Hus at "hans embedsførsel var upåklagelig, men han udmerket sig ikke ved sin duelighed".[4] Hus var lite nøgd med løna, som i 1818 vart auka frå 10 til 15 spesidalar årleg. I 1823 prøvde han å få det til slik at klokkaren på Voss skulle betala ein årleg pensjon til han, men det gjekk ikkje. Han søkte òg om å bli klokkar i Kvinnherad utan hell, men han fekk 16 spd meir i løn, truleg av Opplysningsvesenets fond.[5]
Johannes Hus står som den andre av tretten underskrivarar på adressa til kongen i samband med valet til Riksforsamlinga i mars 1814.[6] Noko overraskande skaffa han seg aldri røysterett. Grunnen var truleg at han var 63 år i 1814, og at det var ein lang og strevsam tur til tinget i Dale der grunnlovseiden måtte avleggjast for at han skulle få røysterett.[7]
Johannes og Martha fekk ni born i lag, og sju av dei voks opp:
- Eli Johannesdotter (1792-1872), gift med gardbrukar Halvor Olson Vamberg, foreldra til klokkar Johannes Halvorson Vamberg
- Halvor Johannesson (1796-1845), som tok over Bjørk
- Siri Johannesdotter (1799-1840) gift med gardbrukar Lars Larsson Røneid på Røneid i Gaupne
- Christi Johannesdotter (1805-1864), gift med husmann Rasmus Olson på Rabben under Bjørk
- Johanna Marie Johannesdotter (1807-1860), gift 1) med husmann Ole Sjurson Stegen, og 2) med husmann Søren Torbjørnson Stegen
- Martha Johannesdotter (1812-1834)
Notar
- ↑ Øvregard m.fl. 2010, s. 69
- ↑ Tiendforretninga 1802
- ↑ Øvregard m.fl. 2010, s. 107
- ↑ Laberg 1944, s. 80, jf. Øvregard 1996, s. 314
- ↑ Laberg 1944, s. 81
- ↑ 1814: Val til Riksforsamlinga (Jostedal historielag)
- ↑ Rekonstruert manntal 1814-1838 med kommentarar (Jostedal historielag)
Litteratur og kjelder
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
- Johannes Asbjørnson Hus i Historisk befolkningsregister.
Forgjengar: Lars Olson Bjørk |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ole Olson Aasestølen |