Henrik Anderson Kreken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Anderson Kreken (fødd kring 1710, død 7. oktober 1782) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Anders Olson Åsen. Kring 1730 vart Henrik gardbrukar på Kreken.

Jon Laberg skriv at Henrik Kreken var klokkar i Jostedalen i 1760, "truleg millombels".[1] Kjelda er truleg tingboka, for Henrik vart "stemnd av Ola Grov, for han har 'grebet ind i øvrighedsembede og uten ordre eksekvert uautoriserte restanser'. Kva han Henrik då hadde gjort, eller kva han Ola Grov meiner med dette, er noko uklårt", skriv Laberg. Broren Ole Åsen hadde vore klokkar sidan tidleg i 1750-åra og hadde embetet til kring 1776, og han er òg nemnd som klokkar i ei anna kjelde 1759-60 (sjå Ole Anderson Åsen).

I 1751 kjøpte han Jostedal kyrkje saman broren, klokkar Ole Anderson Åsen, og John Erikson Nedrelid. Dei selde kyrkja vidare i 1762.[2]

Etter å ha vorte kårmann, gifte han seg att i 1779 med Martha, enkjar etter John Erikson Nedrelid, og han flytte då til Nedrelid.

Notar

  1. Laberg 1944, s. 15
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 69

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 520. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ole Anderson Åsen 
Klokkarar i Jostedalen
(Ca 1760–Ca 1760)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen