John Erikson Nedrelid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

John Erikson Nedrelid (John Erikson Garen) (fødd kring 1707, gravlagd 30. november 1777) var innflyttar til Jostedalen i Sogn og Fjordane, og det er ukjent kvar han kom ifrå.

Han kom hausten 1740 til garden Nedrelid då han gifte seg med Mari Knutsdotter, som var enkje etter den føregåande brukaren, Sjur Anderson Åsen. Alt i 1741 døydde Mari, og John gifte seg same året med Martha Asbjørnsdotter frå Myklemyr. Dei dreiv garden til 1764 då dottera Mari og svigersonen tok over.

Ved skøyte 22. juli 1751 vart John Nedrelid eigar av Jostedal kyrkje i lag med Ole Anderson Åsen og Henrik Anderson Kreken. Dei selde kyrkja vidare i 1762 til Otto Olson Grov, som i 1784 gifte seg med John Nedrelid si dotter Eli.

Då var John Nedrelid død (1777), og enkja Martha vart attgift i 1779 med Henrik Anderson Kreken, som tidlegare hadde vore kyrkjeeigar i lag med John Nedrelid.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 255. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.