Hyllestad kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Hyllestad kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4637 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Hyllestad |
| Areal | 258.9 km² |
| Areal land | 247.89 km² |
| Areal vann | 11.01 km² |
| Folketall | 1 281 (2025) |
| Grunnlagt | 1861 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
| Kommunehuset og kvernsteinsenteret i Hyllestad. Foto: Jan-Tore Egge
| |
Hyllestad kommune ligg i Ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane) og grensar til Fjaler i nord, Høyanger i aust, Gulen og sør og Solund i sørvest. Administrasjonssenteret er bygda Hyllestad. Det er ingen tettstader i kommunen.
Kommunen vart skipa i 1861, då sokna Hyllestad og Øn vart utskilde frå Askvoll og Bø sokn vart delt frå Lavik.
Skipsbyggeriet Havyar Leirvik er største foretak i kommunen. Det er òg ein del anna industri. I landbruket er det særleg husdyrhald som er viktig. Fisket er mindre viktig, men det er ein del oppdrettsanlegg i fjordane.
