Kristofer Sydnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristofer Sydnes (fødd 1881 i Kvinnherad, død 1961) var fødd på Sydnes i Fjelberg, Kvinnherad kommune. Etter folkeskulen gjekk han ein vinter på amtsskulen i Fitjar, og 1901 tok han eksamen ved Stord lærarskule. I 1902 vart han lærar i Suldal kommune, 1908 i Etne kommune og i 1912 i Vikebygd i Vindafjord kommune, der han var lærar til han slutta læraryrket i 1946. Han var formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag i Vikebygd i mange år, og med i heradstyret og formann i skulestyret i over tjue år. Han også var med i styret for Hordaland Venstre, formann i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og med i styret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i åtte år med i styret for Norske Museers Landsforbund.

Sydnes var redaktør for fråhaldsbladet Sunnhordlendingen i elleve år, skreiv bøkene Tiltak og arbeidsliv i Sunnhordland I og II, og historikken kring stoppestadene til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Han skreiv jubileumssoga til fleire samskipnader, og var ein flittig medarbeidar i ymse blad.

Han kom tidleg med i arbeidet for å oppretta eit museum i Sunnhordland. Han var formann i Sunnhordland folkemuseum og sogelag (det noverande Sunnhordland Museum) i 47 år, frå det vart oppretta og fram til 1960, og var skriftstyrar for 42 årgangar av Tidsskriftet Sunnhordland (Sunnhordland Årbok).

Kristofer Sydnes fekk Kongens fortenestmedalje i gull og vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Kjelder og litteratur